Lokalnytt

Legg til kai på Hellesylt

Arcadia med over totusen passasjerar kjem til Hellesylt 15. juni og «overnattar» til neste dag.

Ein oversikt frå Stranda Hamnevesen KF viser at fleire cruisebåtar enn tidlegare blir liggjande ved kai på Hellesylt i juni. Totalt kjem 44 båtar, og 9 av desse blir tre – fire timar eller lenger ved kai.

–Vi håper at dette også fører til meir omsetning/aktivitet på Hellesylt, skriv Hamnevesenet som har sendt lista til aktuelle bedrifter.

Lista over båtar med utvida liggetid viser at cruisebåten Rotterdam kjem 5. juni klokka 10.00 med 1404 passasjerar og blir ved kai på Hellesylt heile dagen i 9.5 timar. Dette er ei endring frå tidlegare lister. Balmoral er på Hellesylt både 2. juni og 28. juni med 1930 passasjerar og blir i 6.5 timar, og Arcadia med 2388 passasjerar om bord legg til 15. juni kl. 16.00 for «overnatting» til neste dag.

2.juni: Balmoral,                            1930 pass. 07.00 – 13.00

3.juni: Silver Wind,                          350 pass. 08.00 – 12.00

5.juni: Rotterdam,                         1404 pass. 10.00 – 17.30

13.  juni: Boudicca,                       856 pass. 13.00 – 18.30

  1. juni: Arcadia,                        2388 pass. 16.00 – 05.30 (overnatting)

18.  juni: Le Dumont D`urville,       184 pass. 13.15 – 18.00

19   juni: Star Breeze,                    204 pass. 15.00 – 18.00

27   juni: Astoria,                            580 pass. 15.00 – 20.00

28.  juni: Balmoral,                       1930 pass.  07.00 –  13.30

Cruisebåten Rotterdam blir å sjå ved kai heile dagen 5. juni

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380