Lokale aktørar på folkefesten

Barneleikarringen i HUL dansa både under folkefesten og ved omsorggssenteret

Folkefesten på Sunnylven samfunnshus hadde innslag med berre lokale aktørar. Dugnadsbygda blømer også i kulturell samanheng.

Festleiar og leiar i arrangørlaget Sunnylven Idrottslag ønska ein stor festlyd til lukke med dagen, etter at Sunnylven skulekorps hadde opna det heile med tonar frå nasjonalsongen «Ja vil elsker». Korpset heldt fram med to marsjar til før styreleiar i korpset Anita Langeland fekk ordet for å takke dirigent og dyktige korsmedlemer for innsatsen. Det vart også delt ut korpsmedaljar til nokre av musikarane.

Wenche Høgalmen Rngdal har gått på kurs og lært seg å blåse på lur, noko ho gav eksempel på under folkefesten.

Wenche Høgalmen Ringdal kom på scena og framførte tonar og eksempel på lurblåsing. HUL har halde kurs, men alt for få deltok, Laget har mange lurar så det var berre å kome og prøve dei, oppmoda ho.

Deretter var det barneleikarringen sin tur. Med livat musikk og lette dansesteg imponerte dei stort på scena. Eit innslag som gleda og som dei hadde vist også til pensjonistane ved Sunnylven omsorgssenter tidlegare på dag.

Det vart også musikalske innslag av felejenter, elevar av Synnøve Hjellbakk Hole, tale for dagen av elevar frå 10. klasse som vi refererer i eiga sak, og det var allsong med Matti Kjellstadli ved pianoet og med Kristin Storstein som forsongar.

Per Ingebrigt Karbø var festleiar og er leiar i arrangørlaget Sunnylven IL.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380