LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Nærmar seg utedans og Vestlandsfanden

Vestlandsfanden står på utescena under Hellesyltdagane 6. juli. Frå venstre Espen Skeie, Thomas Dulsrud, Olaug Furusæter, Reidar Brendeland, Arne Martinussen (skjult), Andreas Berg. (Pressefoto)

Den store kvelden nærmar seg for arrangør Ramazan Øcal og festivalbygda. Laurdag 6. juli spelar Reidar Brendeland og gruppa Veslandsfanden opp til festivaldans under Hellesyltdagane.

-Vi jobbar etter ein plan som skal gjere utedansen under Hellesyltdagane større og til den store hendinga og eit triveleg arrangement kvart år. Det skal vi gjere alt for å få til, seier Ramazan Øcal. Han har hatt ansvar og vore arrangør av festivaldansen under «open himmel» i sentrum under Hellesyltdagane dei siste åra, og blir det også i år. Laurdag 6. juli står gruppa Vestlandsfanden og Reidar Brendeland sine speleglade musikarar på utescena og serverer danseglade lystig tonefølgje.

Førehandssal

Det blir stort festivaltelt på området også i år i tilfelle nedbør, seier Ramazan. Og han jobbar stadig med å gjere det enklare og betre for publikum. Denne gongen treng ingen stå i kø for kjøp av billettar eller drikkebongar. Alt blir selt på førehand, og salet startar ved restaurant Øcal på Hellesylt 18. juni, to veker før arrangementet. Men det blir sjølvsagt råd å få kjøpe alt også ved inngang på utedansen. Men stikk gjerne innom Øcal og få ordna både billettar og drikkebongar på førehand, anbefaler Ramazan.

Tico i Øcal-hagen

Øcal startar Hellesyltdagane i år med trubadur Tico og stor stemning i Øcal-hagen på fredag kveld 5. juli. Og kvelden etter held så moroa fram under ein skyfri himmel på «Ole Ringdals plass» og Vestlandsfanden. Trubadur Tico blir å høyre også her og held trøkket oppe i pausane, bekreftar Ramazan Øcal.

Eit stort festivaltelt blir rigga til Hellesyltdagane også i år, lovar Ramazan Øcal. (Foto frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380