Ønskjer idemyldring om ferdig cruisekai.

Kan cruisekai-pælar støtte opp under ny næring? Og kva lønsamt foretak kan etablerast på Hellesylt på ein stad med både sjø –og landbassert tilkomst?
I staden for den tradisjonelle fotokonkurransen lyser komitéen for Hellesyltdagane i samarbeid med Stranda Hamnevesen KF ut ein konkurranse om korleis det uferdige midtfeltet på cruisekaia på Hellesylt kan utnyttast.
I bruk frå 2012.
Hellesylt cruisekai stod ferdig og vart teke i bruk 17. mai 2012. Det var cruisebåten Empress med spanske turistar om bord som la til som den aller fyrste. Då kaia vart bygd i 2012 vart ein del av den ikkje ferdigstilt grunna økonomi. Midtfeltet er pæla, men røyra er ikkje fylte med jarn og betong, og det hastar med å få vurdert tiltak som kan gjere kaia komplett.
Utbygging vil bli vurdert
Her er skriv med konkurransereglar frå komiteen:
For Stranda hamnevesen (STHA KF) vert det understreka at ei påbygging vil medføre ei betydeleg investering (ca. 13 mill. kroner) og at idékonkurransen ikkje automatisk betyr at dei er klare for å gjennomføre investeringa. Ei investering vil berre bli gjennomført dersom det kjem opp eit konsept som gjev eit godt nok økonomisk grunnlag for styret i STHA KF til å setje den ut i livet.
Dei som leverer inn forslag får høve til presentere idéen frå utescena 7. juli, på dag to av sommardagane. Det er ingen avgrensingar i bruk av verkemiddel, og både lyd og bilde (storskjerm) vil bli stilt til disposisjon.
Grunnen til vi gjer konkurransen kjend før sommardagane er at folk då kan gjere seg kjende med innslaget på førehand slik at også dei som ønskjer å bruke meir tid på idéen får høve til det.
Konkurransereglar
Konkurransen er open for alle
- Det er eit krav at idéane vert presenterte frå utescena, og kvar deltakar får 5 min. til dette. Forslagsstillar kan få andre til å presentere ideen for seg dersom han/ho ønskjer det, ev. vil næringssjefen bistå.
- Juryen vil bestå av hamnesjefen i Stranda kommune, ein lokalpolitikar og to teknisk kyndige fagpersonar
- Det skal kårast tre vinnarar – ein vinnar i kvar av følgjande klassar:
- Beste totalkonsept
- Mest realistiske og berekraftige
- Mest kreative
- Forslaga må vere i tråd med gjeldande reguleringsplan for kaiområdet, sjå vedlegg
- Idéskissene må vere leverte til juryen (skisse/skildring/PowerPoint, eller anna eigna presentasjonsmedium) innan 6. juli, kl. 2000
Vedlegg:
Vedlagt dokumentasjon seier kva type tiltak som vil vere godkjende utan dispensasjon i gjeldande føresegn til reguleringsplan for kaiområdet. Dei viktigaste punkta er:
§ 7 – SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR
Området merka “KAI2” er sett av til djupvasskai. Området “KAI2” er føresett å kunne nyttast i turistsamanheng og for inn- og utskiping av gods. Deler av kaiområdet kan nyttast til mellom lagring av gods. Innan området kan også byggast kontor og lagerlokale i tilknyting til drifta av kaia. I tilknyting til “KAI2” kan etablerast tenderbrygge. Operativ beredskap av høg kvalitet og eit system for overvaking av Korsbrekke naturreservat skal inngå som del av drifta av kaia.
- Kloakkreinseanlegg, AKA3 og AKA4
På områda AKA kan det førast opp bygg/anlegg for reinsing av kloakk, pumpestasjon og andre tiltak som er naudsynt for kloakkanlegget sin funksjon.
Bygning kan førast opp med inntil 6 m gesimshøgd og inntil 8,0 meter mønehøgde. Maks bebygd areal er vist ved byggjegrense. Ved plassering av bygning, innan for byggjegrensa, skal dei funksjonelle krava som gjer seg gjeldande for anlegga vege tyngst. Det må også takast omsyn til langsgåande gangveg sin funksjon sommar som vinter (jf. drift og vedlikehald).
Friområde, FRI1-FRI8:
I friområda er det ikkje tillate å drive verksemd eller føre opp bygg eller anlegg som etter kommunen sitt skjøn er til hinder for bruken av friområdet.
(Denne saka blir lagd ut også under lenka «Sommardagar på Hellesylt 2019)