Lokalnytt

Skal skrivast med «g»

Det er no gjort endeleg vedtak, vegadressa til byggefeltet i Ringdalsåsen og garden Ringdal skal skrivast med «g». Det meldet Stranda kommune.

Gardsnamnet til gardsnummer 90 i Stranda kommune skal vere Ringdalen. Det har Statens Kartverk bestemt, og hovudutval for helse og oppvekst har slutta seg til vedtaket

Stranda kommune melder no på si nettside at namnesaka for gardsnummer 90 er endeleg avgjort. HOK slutta seg på møte 14 mai samrøystes til Staten Kartverk sitt vedtak om at Ringdal skal skrivast med «g». Vegnamna til garden er heretter namna Ringdalsvegen og Ringdalsåsen.

I saksutgreiinga heiter det at saka har versert att og fram i det kommunale systemet sidan 2007 – dvs. i meir enn 10 år. Det seier litt om folkekravet. Alle grunneigarane tilhøyrande gardsnummer 90 har uttala seg i saka og der er full semje om at gardsnamnet må skrivast med g – Ringdalen.

At garden no er namna Ringdalen med ‘g’, og at vegnamna til garden skal skrivast med g vil gjere at alle som soknar til garden og vegane brukar eit namn som dei kan kjenne seg att i og identifisere seg med-, skriv saksutgreiar.

Gardsnamnet til gardsnummer 90 heiter og skal skrivast Ringdalen. Gardsnamnet er bruksnamn for bruksnummer 1, 3, 5 og 6. Same skrivemåte, Ringdalen vert vedteke for alle bruksnummer.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380