Notiser

Stand-up-komikar til Hellesylt

Stand-up-komikar Henrik Overaa Bjørnson

Stand-up-komikar Henrik Overaa Bjørnson kjem til Hellesylt med forestilling laurdag 18. mai. Han blir å høyre på Sunnylven samfunnshus der Hellesylt UL er arrangør.

Berre 17 år gamal debuterte Henrik på stand-up-scenen. Alt same år fekk han opptre under Stand-up-festivalen i Oslo, og etter det har han ikkje sett seg tilbake.

Dei siste åra har Henrik reist rundt i heile landet som support-komikar for fleire kjente komikarar og har mottatt enormt bra respons. Han har også vore engasjert som skodespelar i Teatret Vårt i Molde, der han i 2013 hadde ei hovudrolle i stykket «Samson og Roberto». Med sin sjarmerande stil og inkluderande og sjølvironiske humor treffer Henrik bredt. Han kombinerer også ofte stand-up med musikalske innslag på gitar.

Arrangør Hellesylt Ungdomslag opplyser at etter forestillinga blir det dans.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380