Storfjordstemne på Stokke i Oaldsbygda

Storfjordstemnet 2019 vert i år halde på Stokkegarden i Oaldsbygda i Stranda kommune i samarbeid med grunneigarane søndag 2. juni kl. 13.00.
Oaldsbygda ligg 12 km ut i Sunnylvsfjorden frå Hellesylt, og her er fire gardar; Seljeflot, Midtgard, Øvstegard og Stokke. På det meste vart det 9 bruk her, og folketalet var 51 i 1801 og om lag 70 i 1910. I dag er bygda fråflytta, men er ein fin feriestad og blir nytta til beite for husdyr.
Sist det var Storfjordstemne i Oaldsbygda var i 1996 på garden Seljeflot. På søndag 2. juni er årets samling for alle Storfjordens Venner på garden Stokke. Stemnet tek til kl. 13.00 og har som vanleg eit rikhaldig program. Det blir;
- Helsingar
- Orientering om strandsitjarmonumentet i Geiranger
- Innslag ved Stranda Kulturskule og Kjartan Lied
- Grunneigar Lars Petter Knivsflå
- Utnemning av æresmedlemmar
- Prosjekt som Storfjordens Venner no arbeider med
- Kunnskapstevling for familien
- Lotteri med fleire verdfulle vinstar.
- Sal av rømmergraut og pølser
Til Storfjordstemnet i Oaldsbygda går det båttransport slik:
Frå Hellesylt kai. Første avgang kl 09.30, siste avgang kl 12.00
Parkering i sentrum. Følg skilting og vegleiing frå vakter.
Frå Geiranger. Avgang Turistinformasjonen kl. 09.50 NB! Kun ein avgang!
Parkering i Geiranger sentrum.
Retur til Hellesylt og Geiranger etter stemnet.
Billett båt tur/retur kr 250,- Born u/16 år gratis.
I tillegg til båttransport frå Geiranger og Hellesylt er det muleg å ta Geiranger Fjordservice sin båt tur/retur frå Ålesund til stemnet.
Storfjordens Venner ønskjer vel møtt til årets Storfjordstemne i Oaldsbygda!