LokalsportNotiser

Tapte kampen og miste tabelltoppen

Sunnylven G !4 -9er: (Foto frå arkivet)

Sunnylven G14 fekk sitt fyrste tap i fotball denne sesongen då dei møtte Spjelkavik på Hellesylt stadion måndag 13. mai. Gjestane vann 6-2.

Hellesylt stadion

G14 -9er: Sunnylven – Spjelkavik 2 – 6 (1-5)

Mål Sunnylven: Emil Norangshol, Thomas Hole

Dommar: Odd Even Svindseth, FK Sykkylven

Det var toppkamp i G14 -9er då Sunnylven og Spjelkavik møttest på Hellesylt stadion . Sunnylven leia serien etter tre sigrar og 9 poeng, og med Spjelkavik på andre plass med 7 poeng.

Dette vart ein god kamp i stort tempo. Heimelaget kjempa godt, men fekk det ikkje heilt til i fyrste omgang. Gjestane lukkast betre og leia heile 5-1 ved pause etter mykje godt spel, men også etter heldige avgjerder. Andre halvdel vart mindre målrik og enda uavgjort 1-1 og dermed bortesiger 6-2. Med sigeren tok Spjelkavik over tabelltoppen eitt poeng føre Sunnylven.

Spjelkavik stilte eit fysisk sterkt lag med fleire høgvaksne spelarar. Sunnylven gav god motstand, og i andre omgang var heimelaget fullt på høgde og hadde fleire store sjansar til å pynte ytterlegare på resultatet. Men gjestane hadde gode burvaktarar og var nok det beste laget i denne kampen, sjølv om sigeren var største enn skilnaden i spel på bana.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380