Tradisjonell feiring av nasjonaldagen

Elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule har talen klar til folkefesten på 17. mai.

I Sunnylven blir 17. mai feira på tradisjonelt vis. Og vermeldinga lovar det aller beste for nasjonaldagen.

Det er Sunnylven IL som er arrangør av folkefeiringa i Sunnylven også i år. Programmet er kjent frå tidlegare år, for det er ingen grunn til å endre på noko som dei fleste kjenner.

Klokka 08.00 heise vi flagget. I år er samlinga i Sunnylven kyrkje klokka 11.00, ein time seinare enn i fjor. Like ved inngangen legg skuleelevar ned blomar ved minnetavla over falne i siste krig, før det blir festgudsteneste ved prost Svein Runde. I kyrkja deltek også Sunnylven skulekorps og ungdomskoret Joyful.

Barnetoget

Etter gudstenesta går barnetoget forbi Peer Gynt galleriet, over Hellesylt bro til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus. Der blir det sal av mat, leikar og konkurransar, og klokka 15.00 folkefest med fleire innslag. Skulekorpset spelar, det blir andre musikalske innslag, dans ved barneleikarringen, allsong, og tale for dagen ved elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule.

I rute

Elevane brukte siste del av skuledagen torsdag til å finpusse talen dei skulle halde under folkefesten frå ein festpynta talarstolen. Vi møte elevane under aktivitet på volleyballbana, og dei forsikra at alt var i rute, manuset var kladda, det var berre finpussen som stod att. Og innhaldet, nei det ville dei ikkje røpe så mykje av, så då er det lurast å møte fram på folkefesten på samfunnshuset for dei som vil høyre gode og reflekterte tankar frå elevar i 10. klasse ved Sunnylven skule.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380