Triangeldel stolen på Hellesylt.

Det er denne triangedelen, same som vist på bilde som er blitt stolen frå ei kommunal strømaskin på Hellesylt.

På Hellesylt er det frå ei sandstrømaskin til Stranda kommune stolen ein triangeldel i natt. Strømaskina stod ved grusdungen sør for Formvac.

Det er ikkje noko stor sak dette, men det hadde vore bra om ein fann tjuven slik at han kunne få si straff, seier Leif Kåre Myklebust i kommunen. Han driv å køyrer grus på kommunale vegar og såg strømaskina stå der med triangeldelen på i går onsdag 22. mai. Men i dag var delen borte. -Å finne tjuven er nok ikkje lett, men dei skulle gjerne blitt tekne, seier Myklebust. Det er vi inderleg samde i.

Triangeldelen som er borte går lett inn i ein bil så om nokon har sett noko biltrafikk i området i går kveld/natt kan ein kontakte kommunen, eller Leif Kåre Myklebust på mob. 464 11 037.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380