Lokalnytt

Viltkamera «fanga» ukjent dyr

Eit viltkamera i skogen nær Sveabakkane i Langedalen i Sunnylven har fanga opp eit bilete av eit dyr ingen foreløpig veit kva er. Rovdyrkontakter er interessert i eventuelle andre observasjonar.

Det var 8. april klokka 19.48 at viltkamera til Amund Lien tok bilde som vi viser to variantar av. Lien har vore i kontakt med rovdyrkontakt Frode Holen på Sæbø, men han har ikkje eit sikkert svar på kva dyr biletet viser. Fleire er utelukka, rev, gaupe, jerv, ulv?, hjort og hund?. Heller ikkje Amund Lien vil uttale seg sikkert, men er ikkje framand for å meine at det er ein bjørn, eit streifdyr 2-3 år gamal.

Både han og rovdyrkontakt Frode Holen er interessert i om andre har observert spesielle dyrespor. Lien fryktar at eit rovdyr i terrenget kan gjere stor skade no når det blir utslepp av småfe hos bøndene.

Om nokon har opplysningar, ta kontakt med rovdyrkontaktene, Frode Holen, Sæbø, eller Asgeir Heggen, Valldal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380