Notiser

Webkamera ute av drift

Nettstaden hellesylt.info har lenke til Sunnmørsposten sitt Webkamera på Hellesylt. Kameraet har vore ute av drift sidan hausten 2018.

Lesarar på nettstaden hellesylt.info minner oss stadig på at Webkameraet på Hellesylt er ute av drift og spør når feilen blir retta. Spesielt no framfor sommarsesongen har interessa for å sjå bilete auka, noko vi forstår. Mellom anna er dei mange flotte cruisebåtane på fjorden eit staseleg syn.

Etter fleire samtalar med eigar der det er klaga på driftsstansen, er det no lova at feilen vil bli retta i løpet av veke 20.

www.hellesylt.info er klare til å rigge sitt eige om ikkje Webkamera kjem i drift igjen som avtala.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380