Yngelutslepp i Korsbrekkeelva

Arne Korsbrekke fremst har Bjørn Tryggestad som medhjelpar når årets yngelproduksjon blir sleppt i elva.

I Korsbrekkeelva blir det årleg drive kultiveringsarbeid med utsetjing av yngel. Det har gjort elva til ei av dei beste på Sunnmøre.

Arne Korsbrekke og hans gode medhjelparar, har mange timar med kultiveringsarbeid og utslepp av lakseyngel i Korsbrekkeelva kvart år. Og i desse dagar når dei vesle krabatane på tre, fire centimeret er symjedyktige og får sitt nye liv i den berømte lakseelva då er jobben utført nok eit år.

65 års erfaring

Klekkeriet i Husøyna har vore nerven i kultiveringsarbeidet i Korsbrekkeelva i snart 90 år. Kjøpmann Anton Larsen var ein ivrig laksefiskar og fekk bygt klekkeriet her i 1933. Nokre år dreiv Sunnmøre fiskeristyre klekkeriet, og seinare overtok Elveeigarlaget kultiveringsarbeidet.

På 50-talet fekk far til Arne, Lars A. Korsbrekke ansvar for yngelproduksjonen, og då starta også sonen si opplæring her. Arne har med andre ord halde på med dette i 65 år, så det er nok få som har lenger erfaring med slikt arbeid, trur han.

Mange formalitetar

Med åra har det blitt meir og meir kontrollar for å drive yngelproduksjon. Veterinærar og mattilsynet er innom og tek prøver, noko Arne synest er bra. Meir plagsamt er alle skjema og søknader som må til for å få lov å drive.

«Svært god»

-I følgje Vitenskapeleg råd for lakseforvaltning er gytestandsmåloppnåing og haustbart overskot for perioden 2013 – 2017 vurdert til å vere «Svært god» i Korsbrekkeelva, så i vassdrag med svært god tilstand skal det ikkje foregå yngelutsetjing, og eventuell aktivitet skal avsluttast, står å lese i svarbrevet frå Fylkesmannen.

Men med visning til fleire bestemmelsar har Fylkesmannen gjeve Korsbrekkeelva elveeigarlag løyve til å setje ut 90.000 plommesekkyngel av laks i Korsbrekkeelva med sideelvar våren 2019.

Fanga «foreldra» i Steimshølen

Livet til årets «laksebarn» starta i fjor haust då fleire av elva sine laksefiskarar deltok i fanging av stamlaks med kastenot i Steimshølen. Frå stryking og plassering av arvematerialet i kar i klekkeriet har Arne Korsbrekke gått inn og ut døra i det vesle murhuset gjennom vinteren og sett til at alt har utvikla seg normalt. Og det har det gjort, det er eit svært fint resultat å setje ut i elva i år, seier han.

No i desse dagar pågår yngelsleppet. På fleire plassar frå inntaksdammen til kraftverket i Steimsåsane til nesten ned i sjøen blir yngelen utplassert, med Bjørn Tryggestad som medhjelpar. Dei er om lag halvferdig med jobben.

Rundt 90.000 plommesekkyngel av laks skal i elva frå Steimsåsane til nesten i sjøen. Og yngelen så ut til å glede seg, dei symde livleg rundt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380