4H-Fylkesleir på Gjermundnes

Det er lagt opp til mange kjekke aktivitetar under 4H sin fylkesleir, mellom anna i fjøra.

I dagane 27. – 30. juni møtest 250 4H-arar til tevlingar, aktivitetar, teltliv og moro på 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir på Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes kommune.

 Pressemelding frå Møre & Romsdal 4H

Det vert eit yrande liv i leirområdet 4 dagar til ende. Leirdeltakarane bur i telt, og dagane er fylte med aktivitetar og tevlingar. Torsdag startar leiren med at deltakarane set opp leir og det er opning av leiren.

Aktivitetar og tevlingar

Fredag er det aktivitetsdag. Alle har på førehand valt ein aktivitet, til dømes volleyball, swing, gardsbesøk eller livet i fjøra. Laurdag er det den store volleyball-dagen. Kampane startar etter morgonsamlinga og det er finalar om ettermiddagen, i tillegg vert det mange andre tevlingar og aktivitetar.
Om kveldane er det underhaldning frå scena og moro i Miljøtorget – kafèen på leiren.

Høgdepuntet

Anna Kristine Nisja (16) frå Fossekallen 4H er leirsjef, og saman med resten av leirkomitéen har ho jobba og lagt til rette for at alt skal gå på skinner desse dagane.

– Dette er årets høgdepunkt for mange av oss i 4H. Det er der vi endeleg kan få møte gamle venner og få nye, seier Anna Kristine, og ynskjer alle deltakarane velkommen til ei flott leirhelg på Gjermundnes vidaregåande skule.

Ta gjerne kontakt med oss og kom gjerne på besøk til oss på leiren, vi har lyst til å vise fram alt det kjekke som skjer.

Kontaktinformasjon:
Anna Kristine Nisje, leirsjef: 90 18 83 42
Berit Fredriksen, fylkesstyreleiar: 48 07 18 11
May Britt Skjortnes, organisasjonsrådgjevar: 96 09 67 83

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380