Andeslepp for femtande gong

Ut frå Høge bru styrtar 2000 gule plastender 7. juli for femtande gong. Mange ventar på den fyrste til mållinja. (Foto frå arkivet)

Det blir andeslepp under Hellesyltdagane også i år. Komiteen har talt og supplert med nye, vilte gule andungar i plast så søndag 7. juli rasar minst 2000 ut i Langedalselva ved Høge bru.

For femtande gong blir det kappløpet mellom 2000 plastender ned Hellesyltfossen. Tusenvis av store og små bivånar og håper at akkutar deira nummererte and skal nå mållinja fyrst. Nokre er heldige, andre blir skuffa slik det alltid er i lotteri.

I år blir Sommardagar på Hellesylt, eller Hellesyltdagane arrangert for 32. gong, og i femten av desse åra har andesleppet i Hellesyltfossen går av stabelen. Det er med andre ord eit lite jubileumsår denne gongen. Kanskje markerer arrangøren dette på ein eller annan måte, så ikkje gå glipp av å sikre deg ei plastand når salet startar like ved utescena laurdag 6. juli.

Flotte pengepremiar

Andesleppet med plastender går som før med utslepp ved Høge bru. Ei oljelense sperrar Langedalselva like forbi Hellesylt bro, der ligg båten med betrudde menn, ein prost, ein næringssjef og ein båtmann og ventar for å fange inn premieendene. Fyrste and som kjem så nær oljelensa at den kan takast inn i båten er vinnar av andesleppet og 10.000.- kroner. Eigarar av and to får 5.000.- kroner, og tredje and er verd 3.000.- kroner. Vidare har det blitt delt ut 1.000.- kroner på dei sju neste, til saman 25.000.- kroner i premiar.

Salsbod i sentrum

Den litt gale konkurransen der flaks er meir avgjerande enn dyktigheit kan bli ei god investering. Arrangøren sel lodd på ender både laurdag og søndag frå stand i Hellesylt sentrum. Kvart lodd kostar 50.- kroner så kjøp gjerne både to og tre, det kan lønne seg.

Ein suksess

-Eg trur vi har kjøpt opp alle plastendene i heile landet. Vi tel over og supplere litt kvart år, for nokre greier å lure seg under oljelensa og stikke ut fjorden, fortel leiar i Hellesylt UL, Marianne Fivelstad. Ho har tidlegare år fått tilbakemeldingar både frå Eidsdal og Bjørke om rømlingar frå andeslepp.

Det var i 2005 det fyrste andesleppet i Hellesyltfossen fann stad. Og med dei naturgjevne forholda som Hellesylt har er andesleppet blitt ein kjempesuksess. Og med årets «slepp» har arrangør Hellesylt UL delt ut nær 500.000.- kroner i premiar.

Mange ventar i spaning når endene nærmar seg mål like forbi Hellesylt bro. (Foto frå arkivet)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380