Lokalnytt

Avla fagbrev som slaktar.

Disponent Kristen Ringdal er stolt av si nye fagdame i Ole Ringdal AS, og gratulerer Madelen så mykje.

Etter tre år ved linja matfag på Stranda vidaregåande skule, fekk Madelen Selin Frøysadal Hauge jobb som slaktar ved Ole Ringdal AS. Denne veka avla ho prøve til fagbrev.

Madelen S.F. Hauge har valt eit litt uvanleg dameyrke, men trivast godt med det. Så spanande var slaktaryrket at ho valde å skaffe seg fagbrev. Det gjorde ho denne veka og besto prøva med glans framfor to sensorar med erfaring frå slakteri.

Nokre småting peika dei på, men ikkje større enn at eg bestod og får tilsendt beviset i posten etter kvart, fortel dama som har lov å bere slaktarkniv.

Madelen har jobba ved Ole Ringdal AS i snart to år, hovudsakleg i slakteriet og trivast godt med jobben. Ho har vakse opp på gard, vore med på heimeslakting der, så ho toler å sjå blod, seier ho. Under fagprøva var oppdraget å slakte fire sauer, flå dyra, ta ut indre organ, henge dei opp og få dei på kjølelageret. Det gjekk i grunn bra, sjølv om det var litt utfordrande når to personar føl med heile tida om du gjer det rett, seier ho.

Tidlegare har Ole Ringdal AS hatt fleire slaktarar med fagbrev, men no er Madelen S.F. Hauge den einaste. Disponent Kristen Ringdal er imponert og synest det er flott at ei ung dame tek utfordringa og går opp til fagprøve som slaktar. Han er stolt på hennar vegne og rosar henne for jobben ho gjer. Ringdal håper han får behalde henne lenge i bedrifta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380