Avslutta skuleåret
Onsdag 19. juni var det sommaravslutning ved Sunnylven skule med program av elevar, utdeling av vitnemål, utlodding og enkel servering.
Storsalen i Sunnylven samfunnshuset var stuvande full av føresette og andre slektningar av skuleelevane då skulen inviterte til sommaravslutning onsdag kveld. Rundt om i festlokalet var det pynta med ulike variantar av elevarbeid, både kreativt og fargerikt.
Og sommaravslutninga vart som vanleg ein triveleg fest. Etter at rektor Roar Seljeset hadde ønska vel møtt og fortalt om aktivitetar dette skuleåret var det underhaldning av elevar frå småskulen og mellomsteget. Frå scena fekk publikum seg servert både sjølvskrivne viser, sketsjar og mykje dans til livlege musikalske tonar. I innslaga var det både innsats, kreativitet og frimot, alt gode eigenskapar å bygge vidare på i livet.
Samarbeid med fleire
I si oppsummering frå skuleåret tok rektor fram fleire som skulen har hatt eit godt samarbeid med gjennom året. Det var sanitetslaget som har gjeve bokpakke og hatt lesegruppe med elevar, det var bygdekvinnelaget og måltid som laget hadde stelt i stand, aktivitet i idrettslag og anlegget i Hyttehola, og ikkje minst naboen Ole Ringdal AS som hadde spandert store gåver og halde grillfest for elevar og tilsette. Han takka også føresette og elevane for godt samarbeid gjennom skuleåret.
Stolte av elevane
Høgdepunktet under skuleavslutninga var utdeling av vitnemål til ni avgangselevar. Det var ein flott ungdomsgjeng i finstas som entra scena for å motta handfaste karakterbevis. Men fyrst fekk dei mange gode ord frå rektor.
–De har vore læreviljuge, har hatt eit godt humør, vore ei klasse med godt samhald, og teke tak i lag på ein positiv måte. Og ikkje minst har vi ved skulen fått høyre at De har vore høflige elevar som har vore kjekke å besøke og undervise. Skulen i saman med føresette og lag og organisasjonar i bygda har gjort så godt vi kunne for å formidle kunnskapar og gje ein god oppvekst. Vi er stolte av dokke, og ønskjer lukke til med ny læring og nye erfaringar i livet, sa rektor Roar Seljeset mellom anna som saman med kontaktlærar Egil Dolmen overrekte avgangsvitnemåla.
Sunnylven skule tek no sommarferie fram til måndag 19. august.