Basehopping under Hellesyltdagane

Finalearena for verdenscup i basehopping blir Helsetkopen i år. Her frå ein tidlegare konkurranse frå det 1246 meter høge fjellet. Hellesylt viser i bakgrunnen.

World Base Race har fått innvilga løyve av Stranda kommune til å bruke helikopter til og frå fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Ut frå verforhold blir det verdenscupfinale i basehopping laurdag 6. eller søndag 7. juli.

Finalen i Verdenscup i basehopping blir i år arrangert frå fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda under Hellesyltdagane. Det stadfestar Cato Nordbakk, kjent basehoppar og med i arrangørstaben av meisterskapen på Helset i Sunnylvsbygda.

World Base Race vil bli god PR for Hellesylt og Stranda kommune, skreiv arrangøren i søknaden til Stranda kommune som gav løyve til helikoptertransport av finaledeltakarar frå Helset til toppen av Helsetkopen. Flygetid pr. tur er rekna til ca. fem minutt.

Konkurransen blir arrangert av World Base Race. -Vi køyrer kvalifisering i basehopping frå Hoven i Loen torsdag og fredag, og finale frå Helsetkopen laurdag 6. eller søndag 7. juli, seier Cato Nordbakk til hellesylt.info. Som kjent er denne konkurransen avhengig av sikt og lite vind.

Nordbakk og familien kjem til finalebygda alt måndag eller tysdag og slår seg ned for ein liten ferie. -Vi satsar på nokre fjellturar før basehoppinga startar i Loen. Fjelltoppar er det vel nok å velje i, seier han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380