Blues-oppleving varma på kjøleg sommarkveld

Amund Maarud og Malin Pettersen på scena i Øvre Ljøen amfi laurdag kveld.

Laurdag kveld stod Amund Maarud og Malin Pettersen på scena i Øvre Ljøen amfi. To av landets fremste blues/country-musikarar begeistra sitt publikum, som talde alt for få.

Amund Maarud og Malin Pettersen leverte i Øvre Ljøen amfi laurdag kveld. Konserten med dei to varma sjølv om gradestokken viste under 10 pluss. Men temperaturen hemma ikkje Maarud til å flytte fingrane på strengeinstrumentet, det vart eit fyrverkeri i gitarspel frå blues-musikaren frå Nes i Akershus. Det nærmast «gnistra» frå stålstengane på gitarane til prisvinnaren frå Notodden Bluesfestival i 2016.

Etter tre fantastiske instrumentallåtar på gitar av Amund Maarud var det klart for Malin Pettersen med blåfarga gitar og joggesko. Med si ljose, klare songrøyst nærmast trollbatt vinnaren av Spelemannsprisen i country frå 2018 publikum på Ljøen med eigne låtar og country-klassikarar, akustisk og melodiøst med innleving. Jubelen og klappsalvane etterpå var så fortent for Malin Pettersen. Deretter gjekk det slag i slag med instrumental og klassiske country-låtar både i solo og samsong mellom dei to.

Konserten vart på alle måtar vellukka, men reisa til Ljøen starta med feilkøyring, fortalde dei to. Etter nokre timar kom dei på ein grusveg, -vi var på ville vegar og ringde. Nei, det skulle ikkje vere noko grusveg var svaret. Så vi snudde og etter ti timar var vi på Ljøen og konsert i rett tid, fortalde Amund Maarud.

Blues-musikarane kom til Ljøen laurdag, men det gjorde ikkje publikum som var alt for få når landets fremste i sin musikksjanger inntok scena i Øvre Ljøen amfi. Berre rundt 40 – 50 var til stades, dei aller fleste tilreisande frå andre bygder enn Sunnylven. Rett nok var ikkje sommartemperaturen den beste, men kven merkar det når opplevinga blir stor.

Malin Pettersen.
Amund Maarud

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380