Lokalnytt

Elevar har dekorert bokkasser

Her er dei fem elevane ved Sunnylven skule ved Shell med dei tre bokkassene som dei har dekorert så flott. Ei av dei er hent opp på trimposten der. Frå venstre, Natasha, Nikoline, Marte, Helene og Amalie.

Det var i 2017 at styret i støttegruppa for Sunnylven bibliotek vedtok å kjøpe inn tre bokkasser og plassere på mykje brukte trimpostar. Og i år har dei kvite bokkassene fått nytt design.

Sunnylven bibliotek har sidan sommar 2017 hatt utplassert bokkasser på tre mykje nytta trimpostar. I kassene er der fem, seks bøker for born med forteljingar om dyr og plantar ein kan møte og finne i naturen.

Tidlegare var desse «postkassene» heilt kvite, men i år har dei blitt pynta opp med blomar og figurar frå kjente barnebøker og forteljingar. Det kunstferdige arbeidet har fem jenter frå 7. klasse ved Sunnylven skule stått for. -Vi synest det har vore både spanande og kjekt og har jobba med det i kunst –og handtverk, seier Marte som saman med Natasha, Nikoline, Helene og Amalie har pynta opp bokkassene som har fått både Donald Duck-figurar, dyr og blomar. Rett fine var dei blitt.

Kari Hauso Stadheim var i styret for støttegruppa til Sunnylven bibliotek då ideen om å plassere ut bokkasser kom opp i 2017. –Vi ønska å få til eit samarbeid mellom skulen og biblioteket og stimulere til meir leselyst. Då kom ideen om å plassere ut kasser med bøker i nokre brukte turområder, for å lese om fuglar, plantar og dyr ute i naturen kunne vere spanande, du kan fort både finne og møte det boka fortel om.

Styret i støttegruppa for Sunnylven bibliotek var på plass for å takke dei fem jentene for godt utført arbeid. Frå høgre Oddbjørg Stadheim, Synnøve Sæther, Lillian Støverstein, og heilt til høgre tidlegare styremedlem Kari Hauso Stadheim.

Torsdag denne veka vart ei av dei dekorerte bokkassene plassert på trimposten ved Shell nær Hellesylt sentrum. Dei to andre skal til trimpostane ved Nedstevatnet og i Kjellstaddalen.

Styret for Sunnylven bibliotek håper brukarane tek godt imot tilbodet, brukar bøkene og legg dei tilbake i kassa. Det heile er basert på tillit mellom brukarar og biblioteket.

Bokkassa inneheld også ei bok der ein kan skrive namnet sitt og bli med på trekning av ein premie til hausten når kassene blir tekne inn. Støttegruppa håper dei som er på tur finn glede av å stoppe opp og kike i bøkene. Det kan vere både lærerikt og interessant.

Ei bok med ei helsing frå styret finn du også i bokkassa. Skriv deg inn og bli med på ei trekning av premie til hausten.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380