Notiser

Etablerer industriutstilling i P. I.-bygget

P. I.-bygget på Stranda blir utstillingslokale for industrihistorie. (Pressefoto)

Det førebuande arbeidet for ei permanent historisk industriutstilling i Stranda kommune er godt i gang. Utstillinga kan bli kommunen sitt bidrag i det interkommunale prosjektet «Designvegen».

Pressemelding

«Strandaindustriens historie» er vald som namn og det er sett saman eit styre med Reidar Lunde som leiar og Anders Adolfsson, Kjell Opsvik, Helge Søvik og Sveinung Ørjasæter som medlemmer.

Det er gitt tilsagn om leige av eit 600 kvadratmeter stort lokale i P. I.-bygget. Ein tek sikte på å samle produkt frå industrien, bildemateriell, filmar, bøker, artiklar og andre ting som samla kan illustrere utviklinga, alt frå det første kraftverket vart sett i drift i Storelva til den moderne industriproduksjonen i Stranda kommune i dag.

Starta i kjellarlokale

Industrien har gjort Stranda kjend både nasjonalt og internasjonalt, heilt frå P. I. Langlo i 1907 byrja å lage korgmøblar i eit kjellarlokale heime i Pål-garden.

Bedrifter har gjennom generasjonar markert seg som tonegjevande i Norge og utanfor landets grenser, og har skapt nye og verdfulle arbeidsplassar.

Privat kraftverk

Stranda vart tidleg kjend som industribygd. Ei medverkande årsak var at bygda alt i 1848 fekk sin eigen bank, den nest eldste sparebanken på Sunnmøre, at Indre Sunnmøre Branntrygdelag vart skipa i 1859, og at eit privateigd kraftverk kom i drift i 1912, mellom dei første på Sunnmøre.

Designvegen

Etter at initiativet til ei utstilling, som skal vise den industrielle utviklinga i dei ulike bygdelaga i kommunen, er det samla ein god del produkt, og det er gitt tilsegn om meir. Ideen har vorte presentert i ulike samanhengar. Det er vist interesse for at dette kan bli kommunen sitt bidrag i det interkommunale samarbeidsprosjektet «Designvegen» der Stranda, Sykkylven, Stryn og Hornindal/Volda er med.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380