Feira midtsommarkveld på badestranda
Jonsokkvelden kom med godt ver, og på Hellesylt samlast mange på badestranda for å feire midtsommarkvelden med leikar, grilling og bålbrenning.
Samling på badestranda på Hellesylt har blitt tradisjon jonsokaftan. Også i år var frammøtet godt, rundt 70 unge og eldre var innom for å slå av ein prat, grille, konkurrere i pilkast og ballkast på boksar, og brenne bål.
Bak tiltaket står eit 53 år gamalt lag, Hellesylt Vel. Ikkje av dei mest aktive i bygda lenger, men på jonsokaftan ordnar dei opp med benkar og bord, held to store grillar varme og samlar saman brennbart materiale frå næringslivet på Hellesylt til eit jonsokbål.
Som mange tidlegare år var det Anita Langeland, Knut Dag Langeland og Annvor Tryggestad, som ordna det praktiske, og dei hadde med sjokoladekake, vaflar og kaffi å tilby. Inntektene av salet dekte utgifter og nokre premiar I konkurransen pilkast der Kjell Stadheim vann eldste klasse, og Hanne Kjellstad klasse under 15 år.
Og Annvor Tryggestad nærmast lova ny jonsokfeiring neste år. –Vi synest det er kjekt å kome i lag både frå bygd, Dal og Hellesylt sentrum. Det har blitt ein tradisjon vi håper kan halde fram.