Lokalnytt

Frivillighetsprisen til Petter Hjørungdal

Prisvinnar Petter Hjørungdal med blomar og eit måleri av kunstnaren Donka, utdelt av Jorunn Helth til venstre og Aud Tomasgard Berstad.

Det var ei lang og god grunngjeving komiteen la fram då Frivillighetsprisen i Stranda vart tildelt Petter Hjørungdal på kommunestyremøtet onsdag.

Pensjonert lærar, politikar, friluftsmann og eldsjel i mange friviljuge prosjekt innan lag og organisasjonar, Petter Hjørungdal var ein verdig vinnar av Frivillighetsprisen i Stranda kommune 2019. Heidersbeviset var eit stort måleri av kunstnaren Donka Uzunova Petkova, russisk kunstnar busett på Stranda. Også blomar fylgde med i overrekkinga frå juryemedlem Jorunn Helth og dagleg leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad.

Engasjert på fleire områder

Det kom inn mange gode forslag på prisvinnarar, og det var ikkje enkelt å gjere eit val, sa Helth. I år kom juryen fram til ein person som har engasjert seg for å få til aktivitetar på fleire arenaer gjennom mange år, både innan idrett, spesielt handball, og rydding av turråser.

Største prosjektet tok vedkomande initiativet til i 2013, nemleg utbetring av Den Trondhjemske postvei frå Ljøen til Herdalen. Der har Petter Hjørungdal vore styreleiar i Ljøbekkas Vener og pådrivar i eit arbeid som er venta ferdig neste år.

Som lokalpolitikar har prisvinnaren hatt fleire verv, mellom anna varamedlem og fast medlem av Stranda kommunestyret i fleire periodar, sa juryen mellom anna.

Ikkje ferdig utlærd

Petter Hjørungdal tykte det var kjekt å få prisen. –Eg lærte mykje som ung der eg vaks opp og seinare i utdanning, men friviljug arbeid har gjeve meg endå meir. Det heiter at den som er utlærd er likevel ikkje ferdig utlært, sa prisvinnaren mellom anna som takka så mykje for heideren.

Prisen er sponsa av Sparebanken Møre og utdelinga blir administrert av Stranda Frivilligsentral ved styret og dagleg leiar Aud Tomasgard Berstad. Årets jurye har vore Øystein Lied Lunde, Synnøve Espe Solheim, Jorunn Helth, Anita Langeland, Marianne Fivelstad, Anne Mette Viggehagen, Gro Anita Loen Sve, og Kjell Martin Ringset frå Sparebanken Møre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380