Lokalnytt

Fullklaff for ordførartur

Ordførar Jan Ove Tryggestad fekk selskap av mange på turen over Ljøbrekka torsdag. Her på toppen av Brekka.

Ordførar Jan Ove Tryggestad fekk stort turfølgje over Ljøbrekka torsdag. I eit flott sommarver tok 25 unge og eldre turen, dei fleste heilt over til Ljøen.

Ordføraren sin tur kom etter oppmoding frå Sunnmøre friluftsråd. Turforeininga har ikkje som mål at alle skal springe på dei høgaste fjella, men at flest moglege tek trimtur same kva målet er. Folkehelse er friluftsrådet sitt overordna tema, og då med turar og tilbod til alle, sa styremedlem i Sunnmøre friluftsråd, Jostein Dalen frå Liabygda.

Rosande omtale

Ordføraren sin fyrste tur vart over Ljøbrekka, etter Den Trondhjemske postvei som har blitt ein mykje nytta turveg i vakkert landskap. Postvegen over frå Ljøen til Herdalen har vore under restaurering heilt frå 2014. No er sherpaer og ei gravemaskin i arbeid med siste delen av råsa opp Herdalsbrekka. Det er venta at arbeidet blir ferdig til neste år med offisiell opning då..

Ordførar Jan Ove Tryggestad brukte mange og kraftfulle superlativ når han beskreiv det arbeid som er lagt ned i restaurering både av innleigde og av dugnadsfolk. Ord som formidabelt, praktfullt og fantastisk var beskrivande for området og det som har blitt gjort, meinte ordføraren då han ønska 25 unge og eldre velkomne til rusleturen.

Petter Hjørungdal tok mange stopp under vegs. Han hadde mykje å fortelje om.

Orienterte

For det vart mest ein rusletur slik det skulle vere denne kvelden. Og med lokalkjent guide i Petter Hjørungdal, styreleiar i Ljøbrekkas Vener som har jobba med og fått utført opprustinga av turvegen, fekk turdeltakarane mykje informasjon om området og Den Trondhjemske postvei.

Hjørungdal henta fram pedagogiske kunnskap frå tidlegare yrkesliv og forsamlinga stoppa og lytta. Den Trondhjemske postvei gjekk frå Bergen til Trondheim og vart oppretta ved kongeleg resolusjon 13. mai 1768. Frå Hellesylt til Stranda var det risikabelt å ro fjorden, så difor vart ruta båt til Ljøen og der i frå over til Herdalen. Her gjekk det postrute ein dag i veka fram til 1868, då tok dampbåtane over.

Arbeidet med restaureringa nærmar seg toppen. Her har murar på utsig blitt retta opp.

Skrinla bilveg

Arbeidet med restaurering hadde gått bra, men også ein del vanskar å forsere, sa han. No nærma det seg fullført jobb, arbeidsfolket er komne lagt opp i bratta på Herdalsida og få av dei 21 svingane står att. Kostnaden blir på rundt 11.0 mill kroner, sa Hjørungdal. Som samanlikning fortalde han at Ljøvegen som vart opna i 1962 kosta 10.0 mill. kroner.

Hjørungdal fortalde at det blei vurdert veg mellom Stranda og Hellesylt gjennom Moldskreddalen, eller over Brekka, men i 1937 starta dei på vegarbeid og ein 800 meter lag tunnel gjennom fjellet. Vegprosjektet vart skrinlagt i 1956, men i dag viser det både eit påhogg for tunnel på Herdalsida og store vegmurar på Ljøsida.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380