Gode motbakkeløp i NM.

Fire spreke sunnylvingar i NM-løypa i Valldal. Frå høgre Hege Ringdal, Emilie Brekke, Anniken Hjellbakk Hole, Ottar Frøysa Hellebostad. (Foto: Hans Hole)

Frå Sunnylven IL kom fire deltakarar høgt på resultatlistene under NM i motbakkeløp i Valldal laurdag. Og Mefjellet opp fekk nye løyperekordar både i kvinner og herreklassa.

I kvinner 20 – 22 var to deltakarar, og begge kom frå Sunnylven IL. Hege Ringdal fekk best tid av dei to, 1.13.44, medan Emilie Brekke brukte 1.15.05.

Kvinner 23 – 34 hadde 11 deltakarar som fullførte. Her kom Anniken Hjellbakk Hole på 5. plass med sterke 1.04.02. Det var ei av dei ti beste tidene i kvinner uansett klasse. Vinnar av Mefjellet opp vart Johanna Åstrøm frå Sverige på ny løyperekord 50.49. NM-vinnar vart Karoline Holsen Kyte, Førde IL, 51.19.

NM i herrer gjekk til Torstein Tengsareid, Skjalg IL 42.05. Raskast til toppen 1100 m.o.h. var Kilian Jornet, Måndalen IL på 40.52 som var ny løyperekord for herrer.

Ottar Frøysa Hellesbostad, fjerde deltakar frå Sunnylven IL sprang i herrer 20 -22, og kom i mål til 5. plass på sterke 55.37. Han vart knepent slått av Vegard Røyrhus, Hovdebygda (54.22), men denne gongen føre Kornelius Linge Glomnes, Valldal IL, 56.32. Årsklassa vann Stian Øvergår Aarvik, Gneist, 45.08.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380