Gode skyteresultat i helga

Isak Elias F. Hauge er i knallgod skyteform. Her saman med ein konkurrent i klassa, Kristin Husum, Leikanger.

I helga arrangerte skyttarlaga i Sunnfjord (Førde, Gaular, Holsen, Jølster og Florø) Frydenbø Cupen. Av dei fem stemna tel dei fire beste resultata i den samanlagte cupen. Skyttarane frå Sunnylven har hevda seg godt.

Tekst / foto: Ola Vangen. 

Isak Elias held fram med sin imponerande skyting, og tok også i denne cupen samanlagt sigaren i sin klasse. Med sine resultat 349, 349, 350, 350 og 350 enda han med poengsummen 1399 av 1400 poeng.

Andreas Valde frå Engesetdal/Skodje oppnådde same resultata, men blei rangert bak på grunn av mindre sentrum. I tillegg tok Isak også enkelt sigarar i Førde, Gaular og Florø. I Førde satt han personleg rekord med resultatet 350 poeng med 33 av 35 sentrumstiarar. Han er ranka som ein av landets beste skyttarar i sin klasse. 

 Også dei to andre Frøysadal Hauge-brørne, Kristian André og Ørjan skaut godt. Det vart kvar sin 3. plass samanlagt i sine klasse, junior og rekrutt. Ørjan noterte seg totalsummen 1373 poeng med sine fem enkeltresultat 338, 339, 344, 345 og 345. Han tok også 3. plassen i Holsen med poengsummen 345 og 15 sentrumstiarar.

 Med sin 3.plass samanlagt i klasse junior sette Kristian André strek med poengsummen 1392. Joakim Grimestad Krone frå Gaular hadde også 1392 poeng og blei rangert føre Kristian med fleire sentrumstiarar. Med enkeltresultat 347, 347, 348, 348 og 349 tok Kristian 2.plassen i Holsen og 3.plassen i Gaular med høvesvis 349 og 348 poeng. 

 Blant seniorane var det Ivar Fivelstad som blei beste sunnylving med sin totale poengsum på 1373. Med enkelt resultat 336, 339, 342, 346 og 346 klarte han å ta 5. plassen i Florø og 4. plassen i Holsen der han hadde 346 poeng. Totalt i klasse 3-5 blei det 12. plass på Fivelstad. Kjell Oddvar Frøysa tok 27.plassen med sin poengsum 1357. Ola Vangen noterte seg 1346 poeng samanlagt og 39. plass. 44. plassen gjekk til Dag André Hauge som oppnådde 1336 poeng.

 Tidlegare sunnylvsskyttar Nils Olav Frøysa, som nå skyt for Aas skyttarlag, tok også turen til Sunnfjord og Frydenbø Cupen. Han oppnådde 1351 poeng og tok 34. plassen i klasse 3-5. Vinnaren av klasse 3-5 blei denne gongen tidlegare skyttarkonge og skyttarprins Daniel Sørli frå Høland/Bjørkelangen skyttarlag som presterte solide 1389 poeng og blei best av dei 105 skyttarane som deltok i klassen.  

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380