Lokalnytt

Har jobba vikariat i barndomsbygda

Bodil Tronstad Lie har vore styrar i Sunnylven barnehage det siste året. Frå hausten av blir ho fagleiar ved avlastingsheim på Stranda, ei ny teneste for born og unge i kommunen.

Det siste året har Bodil Tronstad Lie jobba som styrar ved Sunnylven barnehage i eit eitt-års vikariat. Eit veldig kjekt år, seier ho.

Bodil Tronstad Lie har vakse opp på Haugen i Nibbedalen. For fleire år sidan reiste ho ut og utdanna seg som førskulelærar. Ho trudde ikkje at ho skulle kome tilbake til barndomsbygda på jobb, men då vikariatet dukka opp søkte ho og fekk jobben.

Frå heimegarden Lie på Stranda har ho pendla fem dagar kvar veke, og reisa til Sunnylven barnehage har gått fint.

Sunnylven barnehage har tre barnehagelærarar i fulle stillingar, som følgjer pedagognorma etter tal på born. Ved barnehagen blir det 26 born frå oppstart i august, fem fleire enn i august i fjor, fortel ho.

Tur kvar veke

-Sunnylven barnehage er i bra stand, sjølv om der er småting som burde vore retta på. Men kommunen har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon så ut frå det er tilstanden til bygget bra. Leikeområdet framfor Sunnylven barnehage burde kanskje hatt ei oppjustering slik at det vart meir variert, det er litt for flatt til at det blir utfordrande nok, seier Bodil Tronstad Lie som fortel at kvar veke har barnehagen vore på turar til ulike stader.

-Der eg vaks opp i Nibbedalen fekk vi beskjed om å passe oss for nokre fårar, fonner, elva eller steinras, men elles kunne vi styre på både høgt og lavt.

Godt samarbeid

Bodil Tronstad Lie er glad for året i Sunnylven barnehage. Ho rosar uhemma kontakta og samarbeidet med foreldra, det har vore ein veldig kjekke gjeng, seier ho. Også næringslivet på Hellesylt har vore fantastiske, og nemner Joker som leverer matvarer, og Coop som har andre varer som trengs. Ole Ringdal AS kom med pølse og brød til sommarfesten, og Joker med is. Også HT Bygg Hellesylt, og Formvac har støtta opp om barnehagen.

-Det viser at dei set pris på barnehagen og at vi er eit viktig moment i bygda. Kjekt har det også vore å kome på skulen til rektor, og på omsorgssenteret og Lucia-feiring der, seier ho.

Klare til skulestart

-Barnehagen er ein del av utdanningsløpet og borna har nytte av å besøke næringslivet og gjere seg kjende i lokalmiljøet tidleg. I august skal tre born frå barnehagen starte i fyrste klasse på skulen. Dei er klare til skulestart, forsikrar barnehagestyraren. Tidlegare i år var dei på vårskule, og i barnehagen har dei fylgd ein plan som Stranda kommune har utarbeidd i «Den gode skulestart». Denne planen er brukt i alle barnehagane i kommunen.

Nytt tilbod i kommunen

Bodil Tronstad Lie har ei veke igjen av vikariatet i Sunnylven barnehage, og ho ønskjer Hilde Langlo Brekke velkomen tilbake som styrar i Sunnylven barnehage frå hausten av. Sjølv går ho til ei stilling som fagleiar for avlastingsheim på Stranda for born og unge, ei ny teneste i Stranda kommune. -Der ønskjer eg å skape ein plass som blir kjekk å vere på, seier Bodil Tronstad Lie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380