Lokalnytt

Hellesylt-app får stadig fleire brukarar.

Her informerer elevane frå Stranda vidaregåande skule om appen til cruiseturistar og med NRK-Tv til stades. (Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde)

Dei fem jentene i Ibsen@Hellesylt sørga for god Hellesylt-PR denne veka då dei dukka opp i både radio, TV og ei regional avis for å snakke om appen «Ibsen Hellesylt»

Det myldra av turistar i Hellesylt då cruiseskipet «Rotterdam» vart ved kai ein heil dagen i juni. Den sjansen let ikkje app-grunderane ved Stranda vidaregåande skule gå frå seg. Tidlegare har dei kontakta cruiseturistar for å gjere appen Ibsen Hellesylt kjent, og mange nye fekk god informasjon også denne gongen.

Lærar Ole Bjørn Hjellegjerde hadde fått spurt elevane fri frå øvrige fag på onsdag 5. juni, sidan cruiseskipet «Rotterdam» låg på Hellesylt heile dagen. For nokre veker sidan hadde han vore i kontakt med NRK Møre og Romsdal, men fekk aldri noko svar på henvendelsen.

Dei hadde avtalt møte og var på veg for å treffe ein journalist for lokalavisa Sunnmøringen, då Jannicke Farstad ved NRK ringte og sa ho var på veg til Hellesylt. Dette resulterte i både radio- og tv-intervju på NRK Møre og Romsdal for dei driftige jentene. Også Sunnmørsposten kom seinare same dag og gjorde nær ei heilsides oppslag om elevane og appen. Og ny pr er i vente då eit fransk TV-team kjem i slutten av juni for å gjere opptak frå området og om entreprenørskaps-elevane sitt arbeid.

Appen, som er på engelsk, har så langt over 6500 sidevisningar, der ti lokale bedrifter presenterer verksemda si inne i appen.

Ibsen@Hellesylt kom til etter eit oppdrag frå næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune, og Ole Bjørn Hjellegjerde har vore deira entreprenørskaplærar. Dei seks jentene som har jobba med produktet i over eit år har vore Hannah Olin Muri, Goda Tkacenkaite, Julie Helena Aklestad, Malene Linge Valdal, Tuva Korsnes og Sofie Sæbø.

Slik det ser ut no tek eit par elevar turen til Hellesyltdagane for å profilere den flotte mobile «turistbrosjyra» for Hellesylt, får vi opplyst frå skulen. Jentene kan sikkert også fortelje om både entreprenørskap og om Stranda vidaregåande skule.

I starten var elevane innom Peer Gynt Galleriet på Hellesylt der dei fekk informasjon og gjorde seg kjent med diktaren Henrik Ibsen som besøkte bygda i 1862.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380