I bylagstropp i fotball

Fotballtalent frå Sunnylven IL i talenttropper, Amalie Sporstøl Ravelo og Thomas-Sander Hole

Begge har gebursdag 23. juni, begge er like gamle og begge er uttekne til å spele på bylaget til Hødd.

Thomas Sander Hole og Amalie Sporstøl Ravelo spelar fotball for lag i Sunnylven IL. Så gode ferdigheiter har dei vist med ballen at talentspeidarar har gjeve begge plass på bylaget Hødd. Kvar tropp for jenter og gutar har om lag 25 spelarar.

Kretslaget er neste steg etter bylaget, det er eitt bylag på Hødd og eitt i Ålesund. Dei beste frå desse går neste år vidare til å danne kretslaget for Sunnmøre. I år spelar dei to på eitt av Sunnmøre sine to bylag og skal kjempe mot andre bylag i Møre og Romsdal. Vi seier lukke til med samlinga og kampar til begge to.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380