Klare for NM i motbakkeløp

Bilde av fjellet og løype frå Fjørå til toppen av Mefjellet. (Arrangørillustrasjon)

Til helga er det NM i motbakkeløp i Valldal. På deltakarlista finn vi også fire frå Sunnylven IL som vil springe NM og Mefjellet opp.

Dagen før start på NM Mefjellet opp var 277 påmeldt i fleire klasser mellom kvinner og menn. Mellom dei var fire frå Sunnylven IL; Hege Ringdal, Emilie Brekke, Anniken Hjellbakk Hole, og Ottar Frøysa Hellebostad som gjorde det så godt Frå Fjord til Fjell i Geiranger.

Motbakkeløpet som gjev norgesmeistertittel har start i Fjørå i Valldal og målgang etter ca. 8.0 km. på Mefjellet 1100 meter høgare oppe. Ei skikkeleg kraftprøve med andre ord, sikkert også for trena konkurranseløparar.

Mefjellet opp har vore eit konkurranseløp i fleire år. Løyperekorden i klasse herrer har Johan Bugge med 42,57, og i kvinner Anita Håkenstad Evertsen på 51.21.

Vi har kontakta «våre» deltakarar framfor bakkekløvjinga i Valldal.

Emilie Brekke (K 20 – 22) er klar for Mefjellet laurdag, og det er kjekt at det er fleire frå Sunnylven IL som skal delta, seier ho. Litt spent på kor god forma er, det blir nok eit hardt løp, trur Emilie.

Hege Ringdal (K 20 – 22) skulle inn i Valldal for å heie, men fann ut at ho like godt kunne delta. Det er ei god treningsøkt, seier Hege.

Anniken Hjellbakk Hole (K 23 – 34) er spent på forma. Ho har vore forkjøla eit par veker, men er bra no. Likevel, det kan vel ha sett motbakkeforma litt tilbake. Men ho er påmeldt og skal delta, bekreftar ho.

Ottar Frøysa Hellebostad (M 20 – 22) har ikkje kommentar å setje på trykk før løpet, -men eg er no påmeldt, svarer han. Vi trur både han og dei andre frå Sunnylven IL vil kløvje motbakkane og hevde seg godt i NM-løypa i Valldal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380