Kommunevalet i Stranda kommune.

Frank Edvard Sve står på fyrste plass på FRP si liste. Her saman med Ketil Solvik-Olsen.

Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.

Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med partiet si kommunevalliste. Onsdag 5. juni presenterte vi valliste og svar frå Arbeiderpartiet.

I dag 6. juni er det Framstegspartiet.

Svar frå FRAMSKRITTSPARTIET i Stranda

1.Treng bygda (Hellesylt) eit nytt hotell og kvar kan det stå?

– Ja, kommunestyret har vedteken reguleringsplan for Hellesylt sentrum, som også er godkjent av alle partar.

Bygda og kommunen trenger eit hotell i Hellesylt. Kvifor ein då driver og surrar rundt oppe i bygd og utmark for å finne ei anna tomt for hotellet er direkte «greinalaust». Hotellet må sjølvsagt ligge i sentrum ved sjøen, og kvifor skulle det ikkje det, når det vart bygd hotell ved sjøen i Valldal? Vi ynskjer eit lokalt engasjement for å få bygd dette hotellet i Hellesylt sentrum.

2.Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert godt nok?

– Ja, det vil vi gjere dersom det er opplest og vedteke at skulen fortsatt skal liggje i sentrum. Alternativet er ein ny skule, men då bygd utanfor sentrum.

3.Vil ditt parti sjå positivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven? 

– Ny teknologi er vi overhode ikkje imot, og ynskjer private aktørar å byggje eit slikt anlegg så skal vi skubbe etter med begge hendene.

4.Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygt ny elektrisk kraft? 

– Ja, Hellesylt trenger landstraum, men ikkje dersom vedtaket og iveren frå både dagens ordførar og andre miljøforkjemparar vinn fram med kravet om nullutslepp frå cruiseskipa i 2026. Dette ligger no fast og betyr NULL cruiseskip til både Geiranger og Hellesylt i 2026. Skjer dette trenger ein ikkje noko som helst ikring dette, men FrP kjem til å kjempe det vi maktar, lokalt, regionalt og nasjonalt for å få oppheva dette vedtaket. Klarer vi det, ja då trenger vi også meir straumproduksjon i Hellesylt.

Vi i FrP er sterkt bekymra over miljøfokuset ikring reiselivet og cruisenæringa som har fått råde i vår kommune og bør bekymre Hellesylt og Geiranger betydeleg. Er overraska over at ingen har reagert på dette frå dei to omtalte bygdene, men det er svært dramatisk for Hellesylt , og for Hamnevesen dersom ingen skip kjem til kai i 2026. Det er ifølge Sjøfartsdirektoratet ingen skip som vil tekke kravet om nullutslepp, til mogeleg bygging på denne sida av år 2030 i heile verden.

5.Vil ditt parti arbeide for at kommunen opparbeider nye byggeklare tomtar i bygda?

– Ja, det bør vi gjere i heile Stranda kommune for det manglar ein overalt.

6.Andre saker?

-Stranda FrP krever at Eigedomsskatten skal fjernast raskast råd.

Alle parti, samt ordførar har på tru og ære lova at denne svært usosiale Eigedonsskatt skulle fjernast når underskota var nedbetalt.

Dette er no betalt ned i 2018, og fleirtalet i kommunestyret tek no inn 15,5 million kr i Eigedomsskatt som er eit brot på lovnaden, og brukar dette til å «gire» opp administrasjonen i den kommunale drifta. Vi krev at Eigedomsskatten vert fjerna så raskt som råd, og i det minste trappa gradvis ned.

Stranda kommune går også i 2018 med 12,5 mill kr i overskot,  og har på ingen måte med dagens svært høge overføringar frå staten, behov for å ta inn Eigedomsskatt.

Valliste for FRAMSKRITTSPARTIET i Stranda

1 Frank Edvard Sve 1968

2 Torill Ansnes 1960

3 Ole Jørgen Sve ‘1961

4 Maren Bostrøm 1975

5 Dag Arnold Braseth 1953

6 Steinar Aanning 1967

7 Gro Anita Sve 1969

3 Roger Horremsbakk 1974

9 John Magne Johansen 1965

10 Kirsti Synnøve Bævre 1972

11 Robert Karlsen 1969

12 Leif Eldar Opshaug 1958

13 Sissel Margrethe Overn 1971

14 Tor Arne Grande 1956

15 Andreas Haugmo 1945

16 Kristian Løseth 1996

17 Knut Ole Overaa 1975

18 Jan Egil Vlkestrand 1990

19 Svein Erling Flydal 1973

20 Kåre Rørhuus—Ø1e 1950

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380