Lokalnytt

Kommunevalet i Stranda kommune.

Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.

Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med partiet si kommunevalliste.

05. juni presenterte vi Arbeiderpartiet, 06. juni Framskrittspartiet, i dag 07. juni er det Høyre.

 

Her er svar og valliste frå STRANDA HØGRE

1.Treng bygda (Hellesylt) eit nytt hotell og kvar kan det stå?

-Stranda Høgre meiner at Hellesylt treng nytt hotell. Kvar det skal ligge må nesten den som skal investere midler i prosjektet bestemme. Dette under forutsetning av at tomta let seg regulere til føremålet. Høgre har den meining at kommunen skal strekkje seg langt i å legge til rette for at prosjektet let seg realisere.

 2.Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert godt nok?

-Stranda Høgre har den holdning at Sunnylven skule skal renoverast slik at innemiljøet i bygget er forsvarlig/godt, også over tid.

3.Vil ditt parti sjå positivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven?

-Stranda Høgre er positive til ei eventuell bygging av hydrogenanlegg i Sunnylven. Stranda kommune skal ikkje stå for ei slik utbygging, men skal leggje til rette for at private utbyggjarar kan gjennomføre eit slikt prosjekt dersom dei anser det som økonomisk forsvarleg.

 4.Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygt ny elektrisk kraft?

-Stranda Høgre er positive til landstraum på Hellesylt kai. Stranda kommune kan ikkje stå for ei slik utbygging, dette må vere ei oppgåve for private i samarbeid med Stranda Havnevesen KF.

Stranda Høgre har i alle år vore positive til kraftutbygging. Dette er sjølvsagt ei generell holdning og kvart prosjekt må difor vurderast kvar for seg.

 5.Vil ditt parti arbeide for at kommunen opparbeider nye byggeklare tomtar i bygda?

-Stranda Høgre vil arbeide for at der skal vere attraktive byggjeklare tomter i alle bygdelag, også på Hellesylt.

 

Valliste Høgre

  1. Svein Erik Rimstad, 1969
  2. Elisabeth Opsvik, 1970
  3. Jostein Hole, 1947
  4. Einar Arve Nordang, 1971
  5. Joachim Bjørstad Langlo, 1982
  6. Tove Knivsflå, 1967
  7. Helene Osnes Rimstad, 1975
  8. Claus Callsen, 1976
  9. Birger Johan Bjørdal, 1969
  10. Ove Nordang, 1951
  11. Vebjørn Skog, 1962
  12. Berit T. Hole, 1950
  13. Odd Vinje Lind, 1967
  14. Anne Kristin Lied, 1960
  15. Svein Ove Langlo, 1962

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380