Lokalnytt

Kommunevalet i Stranda kommune.

Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.

Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med partiet si kommunevalliste.

Tidlegare er desse presentert:

05. juni: Arbeiderpartiet

06. juni: Framskrittspartiet

07. juni: Høyre

I dag presenterer vi svar og valliste for Kristeleg Folkeparti.

1. Treng bygda eit nytt hotell og kvar skal det stå?

 Hellesylt treng så absolutt eit nytt hotell, For å skape aktivitet i Hellesylt sentrum, burde hotellet stått der, men det er ikkje enkelt . Å fått eit nytt hotell på tomta til gamle Grand hadde vore flott, men når det ikkje vert, må vi legge til rette for at hotell kan bli etablert på ein høveleg plass.

2. Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert?

 Stranda KrF har gått inn for å renovere Sunnylven skule, og vil følge opp det ved komande budsjettbehandlinger.

3. Vil ditt parti sjå posistivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven?

 KrF vil støtte arbeidet med å få etablert et hydrogenanlegg i Sunnylven, Vi vil være med og legge til rette for dette, gjennom det arbeidet som fell på  den komunale tilrettelegginga.

4. Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygd ny eletrisk kraft.?

 Å få på plass landstraum til Hellesylt kai vil vere eit framtidsretta tiltak, som kan verte viktig i framtidig ferdsel på fjorden. Å få utbygd meir elektrisk kraft i bygda er viktig mht både den næringsaktiviteten det skaper og muligheit for landstraum på kaia og  eventuell produksjon av Hydrogen.

Som politikar i Stranda er det viktig å få laga reguleringsplaner og legge til rette for slike aktiviteter.

5. Vil ditt parti arbeide for at kommuna opparbeider nye byggekare tomter i bygda?

 KrF vil jobbe for at det gjennom regulering, arealplaner og budsjettering vert lagt til tette for videre boligutbygging samt  areal for fleire næringsareal.

 6. Andre saker?

 

Valliste Kristeleg Folkeparti

  1. Svein Petter Lunde, 1947
  2. Øystein Strand, 1974
  3. Eva Rinde Habostad, 1952
  4. Lars Birger Stige, 1947
  5. Andreas Kjølås, 1989
  6. Solfrid Blindheim, 1956
  7. Erlend Hellberg, 1979
  8. Kinga Pasztor, 1979
  9. Jens Vik, 1956
  10. Solfrid Kjølås, 1961
  11. Brynjar Muren, 1974
  12. Gunnhild Ringstad, 1936
  13. Per Olav Ljøkjell, 1967
  14. Bjørg Færøy Lund, 1941
  15. Gunnhild M. R. Vågsæter, 1967
  16. Kåre Bø, 1965

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380