Kommunevalet i Stranda kommune.

Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.

Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med partiet si kommunevalliste.

Desse har vi presentert tidlegare:
05. juni: Arbeiderpartiet

06. juni: Framskrittspartiet

07. juni: Høyre

08. juni: Kristeleg Folkeparti

09. juni: I dag er det Miljøpartiet dei grøne. Partiet har ikkje stilt valliste ved kommunevalet i Stranda tidlegare.

Spørsmål:

1.Treng bygda (Hellesylt) eit nytt hotell og kvar kan det stå?

2. Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert godt nok?

3. Vil ditt parti sjå positivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven?

4. Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygt ny elektrisk kraft?

5. Vil ditt parti arbeide for at kommunen opparbeider nye byggeklare tomtar i bygda?

6. Andre saker?

Miljøpartiet dei grøne har ikkje svart på våre spørsmål!

 

Valliste Miljøpartiet dei grøne (søndag 8.) måndag 9. september

  1. Jan Håkon Vikane, 1976
  2. Inger Ringdal Sæter, 2000
  3. Per Ingebrigt Karbø, 1960
  4. Hege Kristin Hansen, 1973
  5. Gustav Pless, 1980
  6. Sindre Solenes Mathisen, 1995
  7. Helge Kvam Karbø, 1995

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380