Kommunevalet i Stranda kommune.
Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.
Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med parta si valliste ved kommunevalet.
Det er seks parti som stiller valliste ved kommunevalet i Stranda (søndag 8.) måndag 9. september.
Tidlegare har vi presentert desse partia:
05. juni: Arbeiderpartiet
06. juni: Framskrittspartiet
07. juni: Høyre
08. juni: Kristeleg Folkeparti
09. juni: Miljøpartiet dei grøne
10. juni: I dag presenterer vi svar og valliste for Senterpartiet.
Her er svar frå STRANDA SENTERPARTI
1.Treng bygda (Hellesylt) eit nytt hotell og kvar kan det stå?
-Bygda treng absolutt eit nytt hotell. Det viktigaste er at det vert realisert, finansiert og drifta på ein god måte. Kvar det vert liggande er av mindre betydning. Senterpartiet vil bidra så langt som mogleg for at dette skal verte ein realitet.
2. Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert godt nok?
-Stranda Senterparti har jobba aktivt denne perioden for å legge grunnlag for at ei naudsynt rehabilitering kan starte opp. Vi vil syte for at arbeidet vert ferdigstilt og at Sunnylven igjen vil kunne ha godt skulebygg som fremjar god læring.
3. Vil ditt parti sjå positivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven?
-Sjølvsagt. Fornybar energi er noko Senterpartiet helsar velkomen, og Sunnylven er i ei særstilling i høve å vere pilot for ei hydrogensatsing.
4. Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygt ny elektrisk kraft?
–Landstraum er viktig for ei berekraftig turistnæring, så det er vi svært positive til. Ein bør i framtida ha ei balansert utbygging av kraft i Sunnylven, ei utbygging i tråd med den utvikling vi har innan reiseliv og bruk av fornybar energi i næringa.
5. Vil ditt parti arbeide for at kommunen opparbeider nye byggeklare tomtar i bygda?
-Senterpartiet fekk gjennomslag for å setje av midlar i årets budsjett til å starte planlegging av utviding av byggjefelt på Reset. Dette er ei sak vi ynskjer å følgje opp i komande periode.
6. Andre saker
–For Stranda Senterparti er det viktig at vi har levande bygder med stor bulyst. Dette fordrar eit godt barnehage- og skuletilbod og gode vilkår for utvikling av næringslivet (landbruk, industri, turisme). Difor er det viktig å jobbe for god infrastruktur. Vidare er vi opptekne av at vi skal ha ei god eldreomsorg nær folket, det betyr at vi ynskjer ei godt utbygd heimeteneste og gode tenester ved omsorgssenteret.
Lag og organisasjonar er heilt avgjerande for at lokalsamfunnet i Sunnylven skal fungere. Difor er det viktig at desse har gode anlegg der aktiviteten kan utviklast. I botnen av dette ligg eldsjelene som gjennom generasjonar har vore garantistar for aktivitet. Desse må vi ta vare på og støtte opp under gjennom godt samarbeid med det kommunale tenesteapparatet. Berre slik kan vi klare å utvikle bygdene våre.
Vidare er det viktig for Stranda Senterparti å høyre folket, enten i innbyggjarhøyring eller folkerøysting, i høve framtidige drøftingar om endring av kommunestruktur.
Valliste for Senterpartiet
- Jan Ove Tryggestad, 1961
- Petter Magne Hjørungdal, 1947
- Jostein Dalen, 1957
- Stein Lystad, 1982
- Gunhild Kvam, 1962
- Plamen Petkov Petkov, 1982
- Hans Roar Emdal, 1972
- Anne Melgård Tårn, 1968
- Geir Erling Frøysa, 1963
- Mary Iren Heggem, 1973
- Alida Myrvang, 1997
- Kristine Skarbø, 1979
- Inge Røyrhus, 1957
- Sjur Ringstad, 1986
- Arnstein Øye, 1959
- Jørn Tage Nordstrand, 1988
- Vegar Emdal, 1992
- Lars Ringstad, 1980
- Anders Overå, 1957
- Bodil Tronstad Lie, 1968
- Håvar Kristian Emdal, 1982
- Karl Johan Espe, 1974
- Hallvar Arnt Fjørstad, 1943
- Endre Magnus Frøysa, 1949