Kommunevalet i Stranda kommune.

Fram for kommunevalet 2019 ønskjer nettstaden www.hellesylt.info å presentere vallistene til parti som stiller til val i Stranda kommune. Vi har også stilt partia nokre aktuelle spørsmål vedkomande Sunnylven.

Nettstaden bad om synspunkt på viktige saker for Sunnylven, og om partia vil jobbe for å få fram løysingar i valperioden. Her er spørsmåla og svara vi fekk, og som vi startar å presentere i alfabetisk rekkefølgje saman med partiet si kommunevalliste.

Svar frå STRANDA ARBEIDERPARTI

1.Treng bygda (Hellesylt) eit nytt hotell og kvar kan det stå?

-Sunnylven/Hellesylt treng nytt hotell. Stranda Ap stiller seg bak initiativ og tiltak som legg til rette for auka turisme. Tomtevalg er opp til utbyggar å avgjere.

2.Vil ditt parti syte for at Sunnylven skule blir renovert godt nok?

-Stranda Ap støttar renovering / nybygg av Sunnylven skule. Dette ligg alt inne på budsjettet .

3.Vil ditt parti sjå positivt på bygging av eit hydrogenanlegg i Sunnylven?

-Stranda Ap er positiv til hydrogen/landstraum på Hellesylt. Her må det kome eit samarbeid mellom Stranda hamnevesen, kommunen og private aktørar.

4.Treng Hellesylt kai landstraum og bør bygda få utbygt ny elektrisk kraft?

(Har ikkje svara)

5.Vil ditt parti arbeide for at kommunen opparbeider nye byggeklare tomtar i bygda?

-Stranda Ap vil ha byggeklare tomter i alle bygdelag. Dette for å skape bulyst og få unge til å etablere seg i kommunen.

6.Andre saker?

-Stranda Ap ynskjer å vidareføre forsøket med to legedagar på Hellesylt. Om behovet ikkje syner å vere til stades, må tilbodet tilpassast.

Valliste Arbeiderpartiet

  1. Knut Dag Langeland, 1969
  2. Inger Helen Abelsen, 1968
  3. Arild Ringdal, 1961
  4. Siw Linda Kvame, 1984
  5. Helge Mathias Kvame, 1951
  6. Hilde Olaug Rosenvinge, 1970
  7. Paul Ivar Pedersen, 1964
  8. Magnhild R. Øye, 1951
  9. Kjellmar Aure, 1951
  10. Vilborg Iris Leifsdottir, 1972
  11. Erling Hagebakk, 1950
  12. Maiken Buvik Hauge, 1991
  13. Harald Einar Sørheim, 1937
  14. Liv Jorun Sørheim, 1940
  15. Magnar Hauge, 1956
  16. Seevarathnam Bava Jalaja, 1974
  17. Øystein Lyngstad, 1970
  18. Eldbjørg Grønningsæter 1942
  19. Frank Engeset 1971
  20. Elsa Ljøen, 1941
  21. Kjell M. Grønningsæter 1934
  22. Hildegunn Brune, 1942

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380