Lokalnytt

Motellbygg skal rivast

Motellet på Hellesylt er i dårleg forfatning og blir rive.

Motellbygget ved Grand Hotell på Hellesylt skal rivast. Bygget er i dårleg forfatning og har spor etter vandaler og innbrot.

Nyleg kom det opp gjerde kring Grand Hotell og tomta på Hellesyltneset. Grunnen er at motellbygget frå tidleg på 1970-talet skal rivast. Bygget er i dårleg stand, der er knuste ruter og spor etter innbrot, fortel dagleg leiar i Flakk Eigedom as, John Egil Gjørtz Jacobsen.

Det er Møre Miljøsanering AS som skal stå for rivinga, og arbeidet er alt i gong med å rydde vekk installasjonar og møblar. Deretter er det store maskiner som skal fjerne resten, men når rivinga kan starte veit ikkje Espen Skrede Høidal i Møre Miljøsanering då ubedne har etablert seg på taket av bygget. Rivingsmassen skal køyrast til SGT sitt mottak på Stranda, seier Høidal.

Muren og brygga mot sjøen skal bevarast som det er i dag. Også våningshuset på elvekanten blir ståande, seier John Egil Gjørtz Jacobsen. Kva som kjem i staden for motellet er ikkje klart, men Jacobsen lovar at det skal bli ryddig og stelt pent til. Han seier at det også er vurdert ei viss oppussing av Grand Hotell både utvendig og av 1. etasje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380