Lokalnytt

Ny konsert i Øvre Ljøen amfi

Maarud og Pettersen. (Pressefoto)

Arrangøren av suksessen i Øvre Ljøen Amfi sist helg inviterer på nytt, til konsert laurdag før jonsokaftan. På scena står Amund Maarud og vokalist Malin Pettersen.

Amund Maarud er mest kjent som energisk gitarhelt med sitt eget band, duoen Morudes og rockebandet The Grand. Det har blitt Spellemannpris og Notoddens bluespris i 2016 for musikalske framføringar.

Maarud har etter kvart fått eit stort publikum rundt om på konsertane sine, det vere seg både her til lands og i utlandet. I løpet av ei rundt 20 år lang karriere har det blitt turnear i mange land i Europa, Amerika og Asia.

Til Øvre Ljøen Amfi kjem også songar og skodespelar Malin Pettersen. Etter deltaking i Idol i 2005 har karriera berre gått ein veg, nemleg oppover. Høgdepunktet til no er kan hende Spelemannsprisen i 2018 i klassa country. Malin Pettersen spelar i bandet Lucy Lips som var i den nasjonale finalen i Grand Prix i 2013.

Billettar til konserten i Øvre Ljøen amfi laurdag 22. juni kan kjøpast på nett, www.bonseye.org eller ved inngangen. Arrangementet er ope frå klokka 18.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380