Nye æresmedlemmer i Storfjordens Venner

Styreleiar Inge Bjørdal mellom to nye æresmedlemer i Storfjordens Venner, Tor-Einar Amdam til høgre og Jens Petter Søvik.

Under Storfjordstemnet på Stokke, Oaldsbygda søndag vart to personar utnemnt som æresmedlemer i Storfjordens Venner.

Jens Petter Søvik, Sykkylven fekk sitt æresmedlemskap etter å ha vore aktivt med og lagt ned ein stor innsats for bevaring av fleire fjord –og fjellgardar langs Storfjorden i mange år, heilt tilbake til tidleg 90-talet.

Det andre æresmedlem, Tor-Einar Amdam eig og driv Amdam sag og høvleri på Ørskog. På sagbenken hans har det blitt produsert tidsrett materiale til mange restaureringsprosjekt. Han har med andre ord levert ein viktig del til det bevaringsarbeidet verneorganisasjonen driv.

Begge fekk overlevert sine synlege bevis som nye æresmedlemmer av styreleiar Inge Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380