Nye høgder for Sunnylven pensjonistlag

Her er turfølgje på toppen av Roalden med utsikt til fjord, fjell og Stranda sentrum.

Torsdag 27. juni inviterte Sunnylven pensjonistlag på tur med gondol til Roalden på Stranda. Det vart ein triveleg «heisatur» for 30 medlemer av det aktive pensjonistlaget.

Tekst/foto: Sunnylven pensjonistlag.

Tåka truga, men vel oppe på toppen vart vi møtte av lett skydekke og to smilande jenter som tok vel imot oss. Dei serverte varme smil og velsmakande spekemat med tilbehør. Som vanleg smakte også fjellkaffien godt. Praten gjekk lett kring borda, både om den storslegne naturen og om smått og stort i kvardagen. Vi samtala også om kva medlemmane hadde lyst til å ta del i til hausten. Det kom mange gode idear, så det er all grunn til å glede seg til spanande arrangement frametter.

Til bords og servering i paviljongen på toppen.

Turen til Roalden sette punktum for aktiviteten dette halvåret. No tek vi ferie og møtast igjen i august. Før den tid gledar vi oss til Hellesyltdagane. Der får vi høve til å møte medlemmane som bur utanbygds og som ikkje alltid har høve til å vere med på arrangementa våre. Kanskje treff vi ein utflytta Sunnylving med bankande hjarte for «heimbygda», då skal dei vite at dei alltid er velkomne som medlem i laget vårt.

Sunnylven pensjonistlag ynskjer både noverande og framtidige medlemmar ein god, solvarm og fin sommar.

Arne t.v., Per, Knut og Odd Jostein ved paviljong Roalden.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380