Nye sterke skyteresultat i helga

Pallen i klasse 3-5: Frå v: Ludvig Sagstad Tolaas, Terje Nisja, Trygve Aaland Tryggestad.

Sunnylven skyttarlag sine deltakarar rota ikkje vekk moglegheita til å vise seg fram då det i helga blei det arrangert landsdelkretsstemne i baneskyting for skyttarane i Møre og Romsdal.

Tekst/foto: Sunnylven skyttarlag.

Ørjan Frøysadal Hauge var godt inne i blinken og tok 2. plassen i sin klasse, rekrutt. Han oppnådde 340 av 350 moglege poeng. Isak Elias F. Hauge kunne ikkje vere noko dårlegare og skaut seg inn til 2. plass i klasse eldre rekrutt etter ei spennande finale.

Denne gong var ikkje marginane på hans side og blei rangert bak vinnaren, Nora Sæterøy Høybakk frå Langevåg, på antall sentrumstiarar. Begge klarte fullt hus, 350 poeng.

Pallen i eldre junior. Frå v: Elise Erstad, Nora Sæterøy Høybakk, Isak E. Frøysadal Hauge.

Kristian Andre Frøysadal Hauge skaut seg inn til poengsummen 244 i klasse junior som ikkje haldt til finale denne gongen.

Isak Elias og Kristian Andre var også med på Sunnmør sitt ungdomslag i lagskytingskonkurransen der dei tok sigaren med eit poeng framfor Nordmøre. Andre på laget var Andreas Valde frå Engesetdal/Skodje og Ola-Johan Dybvik frå Langevåg.

I seniorklasser var Trygve Aaland Tryggestad mest treffsikker av dei lokale og klarte til slutt å ta 3. plassen i meisterskapet i klasse 3-5. Han noterte seg poengsummen 344, tre poeng bak vinnar Terje Nisja frå Sunndal på Nordmøre. Ivar Fivelstad tok 10. plassen med 340p, Dag Andre Hauge 18. plassen med 338p og Ola Vangen 19. plassen med 337p. Kjell Oddvar Frøysa enda opp med 235 poeng og ein 39. plass etter innleiande skyting.

Sunnmør sitt U25-lag. Bjørnar Aurdal, Andreas Oldeide, Ola Vangen, Ole Jørgen Haugen.

I lagskytingskonkurransen for senior var det U25-laget til Sunnmør som gjorde det sterkast. Ola Vangen skaut etappe to av fire, og med 98 av 100 poeng på sin etappe var han med på og vinne konkurransen. Andre skyttarar som var med på laget var Andreas Oldeide og Bjørnar Aurdal frå Sykkylven og Ole Jørgen Haugen frå Engesetdal/Skodje.

Ivar Fivelstad og Kjell Oddvar Frøysa var med på seniorlaget til Sunnmør, som denne gongen tok 4. plassen i konkurransen.

I hurtigøvelsane, felthurtigskyting og stangskyting, var det Ivar Fivelstad som blei den raskaste av våre lokale med tida 10,04 sekund og 13. plass. Trygve Aaland Tryggestad skaut flest treff på stangen med sine 20 treff og 6. plass i øvelsen.

Hovdebygda og Ørsta stod for arrangementet på sin skytebane i Sollidalen.

Pallen i rekrutt, frå v: Henrik Tolaas, Teodor Klokkset Lilleng, Ørjan Frøysadal Hauge.

 

_______________________________

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380