Lokalnytt

Nye styremedlemer i Peer Gynt galleriet

Peer Gynt galleriet, Hellesylt.

Gunnhild Kvam og Ole Hjalmar Bonsaksen vart nye styremedlemer då Per Gynt galleriet heldt generalforsamling sist veke. Selskapet slit økonomisk, men opnar for dagleg drift 1. juli.

Berre ein fjerdedel av aksjekapitalen var representert då Peer Gynt galleriet heldt generalforsamling 27. juni. Kunstgalleriet på Hellesylt slit økonomisk og er eitt av få som ikkje har statleg støtte. Sjølv i ein vanskeleg situasjon blir det dagleg ope frå 1. juli, og ope for tingingar for grupper større enn ti personar.

Med rentekostnader kom Peer Gynt galleriet ut med eit årsresultat 2018 på 115.000.- kroner i minus, eller knappe 80.000.- mindre enn året før. Salsinntektene var på 485.000.- . Sum eigenkapital og gjeld i selskapet står bokført med knappe 2.2 mill. kroner. Av dette utgjer aksjekapitalen 1.24. mill. kroner.

Styret er av den oppfatning at det er grunnlag for fortsatt drift i 2019, men det er ikkje grunnlag for den drift i sommarmånadane som vart gjennomført i 2018. Det må takast betydelege faktiske og økonomiske grep dersom det skal vere grunnlag for vidare drift i 2020, står å lese i årsmeldinga frå selskapet.

Val av styre fekk denne samansetjing:
Styreleiar: Dag Stadheim

Styremedlemer: Lena Parr, Berit Hole, Øystein Ljøen, Gunnhild Kvam (ny), Ole Hjalmar Bonsaksen (ny).

Valnemnd: Hildegunn Vollset, Arild Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380