«Onkel» i Sunnylven barnehage

Helge Tryggestad likar seg godt med jobben i Sunnylven barnehage. Her saman med ein «kompis» i Blåbærtuva, eitt år gamle Elias.

Mange kjenner 28 år gamle Helge Tryggestad som måltjuven på Sunnylven sitt fotballag for nokre år tilbake. No har han blitt «onkel» i Sunnylven barnehage i heimbygda.

Helge Tryggestad vart utdanna førskulelærar i 2012. I åra etter vart det sommarjobb på Ole Ringdal AS i heimbygda, militærteneste, og fem år som vaktleiar på Flesland flyplass, fortel han. No har han kome heim, og for tre veker sidan starta han på jobben i Sunnylven barnehage. Helge er den fyrste mannlege tilsette på ca. 25 år. Då heitte «onkelen» Endre Fagerstrøm.

Helge Tryggestad har vore «onkel» før. Under Sunnmørsstemne på Hellesylt i 2011 var han stemneonkel og gjekk rundt og passa på, hjelpte og trøsta unge stemnedeltakarar. Dei var litt eldre enn i Sunnylven barnehage. Her «leikar» han saman med dei yngste så langt, i avdelinga som heilter Blåbærtuva. Til hausten blir han pedagogisk leiar saman med Åse Støverstein i Trollhola, avdelinga med dei eldste borna. –Her er berre kjekke born, så her har eg funne ein arbeidsplass eg likar veldig godt, seier Helge.

Han synest det er kjekt å kome tilbake til heimbygda, men saknar eit fotballag for menn. Fotball er ein fin måte å halde seg i form på, og han prøvde å få i gong eit lag på seniornivå, om det så var eit 7ar-lag. Det lukkast ikkje dette året, så no blir det formbyggjande turar i naturen i staden, seier Helge Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380