Lokalnytt

Ordføraren sin tur.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er naturlos etter den Trondhjemske postvei til Ljøbrekka torsdag. Her frå Åsenrunden i 2015 saman med mellom andre stortingsrepresentant Jenny Klinge og Hellesylt i bakgrunnen.

Torsdag 13. juni går ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggstad (Sp) tur til Ljøbrekka. Han håper mange blir med til eitt av dei flottaste turlandskapa i kommunen.

I morgon blir ordførar Jan Ove Tryggestad naturlos og inviterer til tur frå parkeringsplassen på Herdalen til Ljøbrekka med start klokka 17.30. Turen passar både for unge og eldre i vanleg god fysisk form.

Ordføraren håper mange blir med, i alle fall kjem styremedlem i Sunnmøre friluftsråd, Jostein Dalen frå Liabygda, og leiar i styret for Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal frå Stranda. Han vil fortelje som det omfattande arbeidet som er lagt ned med restaurering av den Trondhjemske postvei over Ljøbrekka dei to, tre siste åra. Og no nermar det seg fullført arbeid.

Ordføraren har den siste tida plagast av ein sommarforkjølelse, men er på bedringens veg, seier han. Trena har han heller ikkje, men til Ljøbrekka skal han kome seg lett, meinar han. Og dei som vil kan gå heile turen over fjellet til Ljøen, legg naturlos Jan Ove Tryggestad til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380