LokalnyttLokalsport

Premiert i Geiranger frå fjord til fjell

Ottar Frøysa Hellebostad køyrer idrettslaget si trakkemaskin og trenar når han har tid.

Ottar Frøysa Hellebostad, Sunnylven IL sprang knallgodt i nibbeløpet Geiranger frå fjord til fjell. Han vart nummer 12. i herreklassa og fekk Munch-bilde i premie.

Ottar Frøysa Hellebostad stilte til start i Geiranger frå fjord til fjell for fyrste gong i år. Det vart eit brutalt møte med motbakkar og målgangen vel to mil seinare på 1476 meter høgare Dalsnibba.

-Det var heilt forferdeleg, seier den unge sunnylvingen som jobbar som bygningsmann og er aktiv i Sunnylven IL, mellom anna som løypekøyrar i skianlegget i Hyttehola.

Han hadde som mål å fullføre, og kanskje slå ein konkurrent frå Valldal IL. Han leia med to minutt på Kornelius Linge Glomnes ved Djupvatnet, like før Nibbevegen starta, men då stoppa det nesten heilt. Resten gjekk på viljen, fortel den unge bakkeklyvaren.

-Det gjekk i grunnen lett heilt dit, men like etter vart det nesten som kreftene var oppbrukt, fortel Ottar. Han kjende i krampa og måtte stoppe opp eit par gonger for å tøye ut og fylle på med både cola og vatn. Og det var varmt med sol, rundt 23-24 grader ved start, kanskje ti grader mindre på toppen.

Men til topps kom han på ei flott tid, 1.57.53, kanskje den beste av ein sunnylving nokon gong. Kornelius måtte han sjå føre seg på resultatlista med om lag tre minutt, men under Hellesyltløpet laurdag 6. juli skal han gjere eit nytt forsøk på å vinne over han, seier han.

Kor mykje han har trena vil han ikkje fortelje så mykje om. –Eg går litt i fjellet og ber ut saltsteinar og ser etter sauene, og så vart det litt trening i vinter.

Ottar Frøysa Hellebostad fekk eit bilde på 20 gange tretti centimeter av Edvart Munch i premie for den flotte 12. plassen i Nibbeløpet, Geiranger frå fjord til fjell.

Også Tuva Korsbrekke, Sunnylven IL deltok i miniutgåva av Fjord til fjell som hadde målgang på Flydalsjuvet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380