Søkjer om helikopterløyve

Stranda kommune har alltid imøtekome søknader frå World Base Race om løyve til buk av helikopter under arrangement i Helsetkopen. (Foto frå arkivet)

World Base Race søkjer Stranda kommune om løyve til helikopterflyging til og frå fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda under Hellesyltdagane.

I tida 5. – 7. juli blir det arrangert verdenscup i basehopping frå fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda i Stranda kommune. Konkurransen blir arrangert av World Base Race. Arrangøren søkjer Stranda kommune om løyve til helikoptertransport av finaledeltakarar frå Helset til toppen av Helsetkopen. Flygetid pr. tur er rekna til ca. fem minutt.

-Vi trur dette vil bli god PR for Hellesylt og Stranda kommune, skriv arrangøren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380