Sommarkonsert på Hellesylt.

Frå Sommarkonserten 2018 med band. Frå venstre Knut Iver, Espen, Mats, Bertine, Anna, Simen.

Fredag 7. juni blir det Sommarkonsert i samarbeid mellom elevar i kulturskulen og Sunnylven skulekorps. Konserten er på Sunnylven samfunnshus.

Det blir stort sett elevar frå Sunnylven som presenterer ferdigheiter på fleire instrument når kulturskulen inviterer til sin årlege Sommarkonsert fredag kveld. Konserten er i samarbeid med Sunnylven skulekorps der mellom anna fleire aspirantar blir å høyre.

Elles blir det song og musikk frå fleire instrument, gitar, fiolin, trommer, piano. Det fortel Synnøve Hjellbakk Hole, som saman med Erik Torset og Evgenij Zhukov er lærarar i kulturskulen i Sunnylven.

Det blir sal av kaker og kaffi under vegs i konserten som startar kl. 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380