Strandsetarmonument på plass om få år
Storfjordens Venner jobba med å få reist eit Strandsetarmonument, eit minne over dei som har streva og jobba på fjell om fjordgardar i Storfjorden-området.
Under Storfjordstemne på Stokke søndag 2. juni vart dei frammøtte orientert om Strandsetarmonumentet som det no blir jobba med å få reist. Det blir plassert i Geiranger, og nemnda reknar med å ha det på plass til 2023.
Arbeidskomiteen som har jobba med monumentet er Finn Helge Nustad, Olav Bratland, Ann Kristin Langeland, Karl Mjelva, Helge Søvik, Kjell Løseth og Lodve Solholm.
Finn Helge Nustad orienterte frå arbeidet som no bestemt seg for utkast til monument frå kunstnaren Ola Stavseng. Han har lagt fram tre forslag, og nemnda har gått inn for at alle tre skal bli realisert og plassert på eit 750 kvadratmeter stort område ved sjøkanten i nærleiken av butikken i Geiranger sentrum.
Kvar av dei tre utkasta kostar 1.0 mill. kroner og vil ta eitt år å produserte. Monumentet vil stå ferdig i 2023, sa Nustad. –Det hadde vore ei spanande reise, men å bli assosiert med prosjektet har vist seg å gå bra. Vi har finansiert statuen , men det trengs litt meir for å bygge opp området kring, sa Finn Helge Nustad.
Største bidragsytaren var Sparebanken Møre som hadde gjeve tilsagn om 1.5 mill. kroner, men det hadde også kome store og små pengegåver frå fleire, og han håpa på støtte frå kommunen.
Arbeidet med Strandsetarmonumentet er i gang. Under Storfjordstemnet signerte kunstnaren Ola Stavseng og leiar i styret for Storfjordens Venner Inge Bjørdal kontrakta på at arbeidet med monumentet skal starte i påsyn av nær 500 stemnedeltakarar.