Treffsikre i Trøndelag og Nordfjord

Unge grossistar frå skytebana, frå venstre brørne Isak, Kristian Andre, Ørjan, alle med etternamn Frøysadal Hauge.

I helga gjekk Tour de Orkla, oppkalt etter elva Orkla. Totalt blir fem stemne arrangert i skyttarlaga Rennebu, Orkla, Kvikne, Opdal og Midtbygden og Sunndal.

Vel 250 skyttarar deltok i Tour de Orkla, mellom dei fire treffsikre frå Sunnylven skyttarlag.

Ørjan Frøysadal Hauge skaut seg til ein 3. plass i klasse rekrutt samanlagt med sine tre beste resultat, 348, 347 og 340 poeng. Det vart ein 3. plass i Sunndal, 2. plass i Rennebu og 1. plass i Orkla.

I eldre rekrutt skaut Isak Elias Frøysadal Hauge prikkfritt i tre stemne, 3x 350 poeng, men sjølv med 1050 poeng og 83 sentrum var ikkje det nok til siger samanlagt. Men 2. plass i denne klassa var knallsterkt. Som enkeltresultat oppnådde han 3. plass på Kvikne, 2. plass i Sunndal, 1. plass i Opdal og 2. plass i Rennebu.

Kristian Andre Frøysadal Hauge gjekk til toppen i klasse junior med sine tre beste resultat, 350, 349 og 349 poeng. Enkelplasseringar var 1. plass i Rennebu, Orkla og Opdal og 2. plass i Sunndal og Kvikne.

Dag Andre Hauge deltok også på touren og kom på 23. plass av 66 i klasse 5 der han oppnådde 341 poeng som sitt beste resultat.

Andre skytestemne

Andre skyttarane frå Sunnylven deltok i Nordfjord på stemne i Eidsbygda, Haugen og Stryn. Oddmund Fivelstad presterte blant anna 343 i Eidsbygda og 341 på Haugen i klasse veteran 73. Ola Vangen oppnådde 341 som sitt beste stemne, på Haugen, som haldt til 8.plass i klasse 3-5. Kjell Oddvar Frøysa prikka inn 343 poeng i Stryn som haldt til 2. plass i klasse 3-5 mens Ivar Fivelstad nådde 344 poeng på Haugen som sitt beste resultat og 2. plass i klasse 3-5.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380