Ute av ROBEK fire år før fristen

Stranda kommune har betalt tilbake heile sitt akkumulerte underskot på 50.8 mill. kroner. Onsdag 26. juni kunne kommunestyret og tilsette feire med kake saman med fylkesmannen.
Dette er ein dag fylkesmannen har gleda seg til, sa konstituert fylkesmann Rigmor Brøste då ho kom til Stranda kommunestyre og administrasjonen under kommunestyremøtet onsdag. Ho hadde teke turen for å stadfeste utmeldinga, og hadde med både gåve og kake.
Betalt ned på seks år
For å melde ut noko må ein fyrst melde noko inn, sa Brøste og minte om at i 2011 kom kommunen på ROBEK-lista der fylkesmannen tok over styring av større investeringar og låneopptak. Ho var pålagd å vere streng og har vore det. Kommunen fekk ti år på seg til å betale inn eit akkumulert underskot på 50.8 mill. kroner, men kommunen har greidd på seks år. Siste avdrag på 16.8 mill. kroner vart betalt fire år før fristen.
Knekte koden
I eit tilbakeblikk på åra med ROBEK i Stranda viste Brøste til mange oppslag i media, men sa alt frå fyrste år viste kommunen evne og vilje til økonomistyring. Ordføraren saman med sine kommunetilsette tok ryddejobben. Mange har lurt på korleis det er blitt gjort i Stranda, og mange har lyst til å kome for å lære. Ho var sikker på at for å kunne knekke koden må alle vere med, og det har dei vore i Stranda, sa Brøste. Ho håpa at kommunen brukte den erfaring som er gjort også i framtida og auke farta i investeringar sakte.
Fylkesmannen friskmelde økonomien i Stranda kommune. Rigmor Brøste las eit brev som blir sendt til Kommunal –og moderniseringsdepartementet der innhaldet var friskmelding av økonomien i Stranda kommune.
Kake og sparegris
På vegne av Stranda kommune takka ordførar Jan Ove Tryggestad konstituert fylkesmann Rigmor Brøste. I starten og møta med fylkesmannen om økonomien fekk han spørsmål om han grua seg. Slik var det ikkje, vi prøvde å skape tillit og prate ope om situasjonen, det var viktig for oss. No er vi meldt ut av ROBEK, men framover nå vi tenkje oss om, kva og korleis vi kan vere med på å skape ei god kommune for innbyggarar og næringsliv.
Ordføraren fekk overrekt ei symbolsk gåve frå fylkesmannen, ein diger sparegris, og i tillegg hadde Rigmor Brøste med kake, også den betalt av fylkesmannen.